Yrket mitt: Øistein (32) er bonde

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette yrket passar for alle som er initiativrike, ynskjer å utretta noko, stå på eigne bein og likar å få ting gjort, fortel Øistein Aasen (32) på e-post til Framtida.no.

Saman med kona Inga Iversen Aasen og deira to barn har han teke over familiegarden, og dei er den 11. generasjonen på garden Utistu i Tolga, Hedmark.

Aasen utdanna seg til lærar og jobba nokre år som det, men som 29-åring tok han steget og tok over garden 1. januar 2017.

Inga Iversen Aasen og Øistein Aasen på garden. Foto: Privat/@fjellbonden på Instagram

23. november i år vart han kåra til årets unge bonde og mottok prisen frå landbruks- og matminister Olaug Bollestad.

– Dette var ei utruleg hyggeleg anerkjenning å få. For meg er det å vera bonde den aller finaste jobben ein kan ha, og eg er heldig som får lov til å vera nær dyr og natur kvar dag og produsera lokale råvarer av høg kvalitet, sa han mellom anna då. 

– Kvifor valde du denne yrkesvegen?

– Eg arva garden etter foreldra mine, så at eg skulle ta over har på mange måtar vore klart heile livet mitt.

– Svarte det til forventningane?

– Å vere bonde er eit veldig dynamisk yrke. Du er heile tida i utvikling og lærer stadig noko nytt. Så det har eigentleg blitt langt betre enn forventa.

Øistein Aasen og sonen. Foto: Privat

– Kort oppsummert: Korleis ser ein vanleg arbeidsdag ut?

– Ut å mjølke og stelle med kyrne. Det tek ca. 2 timar. Så er det inn for ein lang og god frokost. Kva som så skjer varierer veldig. Frå skogsarbeid, snekring, reparasjonar, meir dyrestell og meir. Så førebur eg middag i tre-tida før eg hentar i barnehagen. Middag rundt klokka fire, og nytt fjøsstell klokka fem.

Kvar sommar tek familien med seg kyrne opp på sommarsætra, Utistuvollen. Her ystar dei mellom anna smør og folk får koma innom å kika.

– Førebudde utdanninga deg på yrket?

– Eg er utdanna førskulelærar, men det å jobbe med barn og dyr har mange fellestrekk. Du må vera tydeleg, konsekvent og vise respekt begge stader.

– Kva er det beste med jobben?

– Det beste med å vera bonde er at du har tusen ting, bokstaveleg talt, som du kan jobba med og førebu litt heile tida, det er gøy. Det å kunne styre dagen sjølv er fantastisk, og det å kunne jobbe med dyr er også fint.

– Kva er det mest utfordrande?

– Det mest ufordrande er å få alle sine kalendrar og planar til å gå opp, men slik er det for alle vil eg tru. Vi er veldig heldige som har arbeidsomme og hjelpsomme besteforeldre på garden.

Øistein Aasen saman med den nyfødde kalven Notti og barna hans. Foto: Privat/@fjellbonden

– Har du tips til ungdom som siktar mot denne jobben?

– Det er mange fordelar og gleder med det å vera bonde. Økonomien treng ikkje ikke å vera så dårleg om ein ikkje ynskjer å ha det nyaste og dyraste heile tida.

– Kva er det mest utrulege som har hendt deg på jobb?

– Det skjer små under kvar dag på ein gard. Kalvar blir fødde og kyr produserer mat ut av gras!

Øistein Aasen

Alder: 32 år

Frå: Vingelen i Tolga kommune, Nord-Østerdalen

Yrke: Mjølkebonde

Utdanning: Førskulelærar