Stortingsvalet 2025:

Nesten 1 av 4 Ap-kandidatar er 30 år eller yngre: – Generasjon Z får makt

Arbeidarpartiet har flest unge kandidatar, medan KrF har færrast av dei store partia. Samstundes har KrF fire førstekandidatar under 30 år.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Denne saka er ein del av valprosjektet «Summer of `25» som er støtta av Fritt Ord.

– AUF kjem ikkje med lua i handa og ber om å bli representert, vi krev det av partiet vårt, og det har gitt resultat, seier AUF-leiar Gaute Børstad Skjervø.

12,8 prosent av kandidatane til haustens stortingsval er 30 år eller yngre. Best på unge stortingskandidatar er Arbeidarpartiet (Ap).

Det syner ein gjennomgang Framtida.no har gjort av listene med stortingskandidatar som er publisert av Valdirektoratet.

Til saman er det ifølgje listene 4 912 kandidatur. Det er 628 kandidatur som er 30 år eller yngre.

Nokre kandidatar stiller på liste i fleire valkrinsar og går igjen på lista fleire gonger.

Ganske normalt

Valforskar Johannes Bergh meiner delen unge blant stortingskandidatane for 2025 er ganske normal i norsk samanheng. Han samanliknar tala med Statistisk sentralbyrå (SSB) sin statistikk frå tidlegare val. Dei reknar med kategorien 18 til 29 år.

Forskar ved Institutt for samfunnsforsking Johannes Bergh. Foto: ISFS

Ifølgje Bergh var det i 2021 13 prosent og i 2017 15 prosent i denne kategorien.

– Så det er jo på omtrent same nivå. Det ser ikkje ut til at det har auka. Andelen unge har ikkje gått opp i alle fall, seier valforskaren på telefon til Framtida.no.

Om vi ser på dei under 30 i 2025, er prosenten 11,8.

Ap med flest unge

Ifølgje lista til Valdirektoratet er 23,5 prosent av Arbeidarpartiet sine kandidatar 30 år eller yngre. Det svarar til 66 av 281 kandidatar.

– Det er veldig gledelege nyheiter. Arbeidarpartiet har aldri prioritert unge så høgt som ein gjer no.

Det seier AUF-leiar Gaute Børstad Skjervø på telefon til Framtida.no.

At moderpartiet har så mange unge på lista, trur han handlar særleg om at ungdomspartiet har vore tydelege på at unge ikkje berre må bli høyrde, men få moglegheita til å sitje rundt bordet der avgjerder blir tekne.

Toppkandidatar er viktigast

Valforskar Johannes Bergh har ikkje samanlikna med den røysteføre befolkninga, men meiner unge er «heilt ok» representert på vallistene til haustens stortingsval.

– Men så betyr det jo strengt tatt ikkje så mykje kven som står på listene, for det er dei som står på toppen av listene som er det viktigaste for kven som blir valde inn på Stortinget. Det viktigaste er samansetninga av Stortinget og kva for kandidatar partia har prioritet på dei plassane som er sikra eller i alle fall har ein sjanse til å bli valde inn på Stortinget.

Bergh seier unge generelt har vore underrepresenterte på Stortinget samanlikna med resten av befolkninga. Særleg dei yngste er det færre av enn kva befolkningsstørrelsen skulle tilseie, utdjupar han.

– Der har nok partia ein jobb å gjere. Dei er nok flinkare til å nominere unge politikarar ved lokalval.

Samanlikna med resten av verda har vi i Noreg ganske god aldersspreiing på Stortinget, ifølgje forskaren.

– Vi har veldig sterke ungdomsparti i Noreg som står sterkt internt i kvart av moderpartia og bidreg til å få fram unge politikarar. Så sånn sett klarar vi oss rimeleg bra. Men det er heilt klart på Stortinget, som i dei fleste parlament, ei overvekt av dei middelaldrande politikarane.

KrF på jumboplass – men løftar unge høgt

Nedst av dei etablerte partia på Stortinget finn vi Kristeleg Folkeparti (KrF), med 13,9 prosent som er 30 år eller yngre. Generalsekretær i KrFU Ingrid Olina Hovland synest likevel moderpartiet er flinke til å prioritere dei unge.

– Vi opplever eit stort ønske frå KrF si side om at unge skal få engasjere seg og vere med i prosessane til KrF. Det kan vere litt forskjellig frå fylke til fylke, men generelt ser dei viktigheita av å ta med dei unge.

At KrF hamnar langt ned på lista, trur ho kan ha å gjere med at partiet har satsa stort på å ha unge førstekandidatar.

– Av førstekandidatane har vi mange unge og dyktige. Begge på topp i Rogaland er i KrFU-alder, og det er også førstekandidatane i Sogn og Fjordane og Hordaland. Så eg opplever at KrF er eit parti som verkeleg satsar på unge og løftar dei fram.

KrF har fire førstekandidatar som er 30 år eller yngre:

  • Jonatan Hurthi, 22 år, Sogn og Fjordane
  • Joel Ystebø, 23 år, Hordaland
  • Christian Bredvei Gusland, 29 år, Vestfold
  • Jonas Andersen Sayed, 27 år, Rogaland
Ingrid Olina Hovland, generalsekretær i KrFU, er nøgd med at KrF prioriterer unge kandidatar på topp på listene. | Foto: Anine Lie/KrFU

I tillegg er KrFU-leiar Hadle Rasmus Bjuland 2.-kandidat for Rogaland.

Generalsekretæren i KrFU meiner dei unge kandidatane er nokre av dei i KrF som har best sjanse til å få plass på Stortinget etter valet.

– Rogaland er eitt av dei beste fylka våre. I Hordaland har vi mandat i dag, og får truleg det til hausten òg. Dersom vi kjem over sperregrensa kan også Sogn og Fjordane ha ein sjanse.

– Gen Z får makt

AUF-leiar Gaute Skjervø meiner fleire av dei unge kandidatane til Ap har reell sjanse til å få ein plass på Stortinget. Ein av dei er 20 år gamle Hashim Abdi, som er tredjekandidat for Østfold. Han kan bli Stortingets yngste om han kjem inn. I dag har Ap tre representantar frå Østfold på Stortinget.

– Det at ein no kan få mange unge stortingsrepresentantar, betyr også at Generasjon Z får makt, slår Skjervø fast.

Skjervø er i dag vararepresentant for Nord-Trøndelag, men stiller ikkje som stortingskandidat for den komande stortingsperioden.

– Eg har sagt at sjølv om eg veit at Svenneby og Velle gjerne vil på Stortinget, så ønsker eg å prioritere AUF, forklarar han, og viser til ungdomspartileiarane i Høgre og Framstegspartiets Ungdom.

At det totalt sett er 12,8 prosent som er 30 eller yngre blant alle kandidatura, synest AUF-aren er for lågt.

– Eg tenker at det er naturleg at i alle fall ein firedel er unge som representerer unge. Men veldig mange parti slit jo med forgubbing, og det synest eg dei partia som er dårlegast på bør ta tak i.

Unge kandidatar (30 år eller yngre) for kvart parti:

  • AP: 66 av 281 (23,5 %)

  • H: 63 av 283 (22,3 %)

  • SP: 59 av 280 (21,1 %)

  • SV: 56 av 280 (20,0 %)

  • V: 54 av 279 (19,4 %)

  • FRP: 50 av 271 (18,4 %)

  • MDG: 49 av 280 (17,5 %)

  • Raudt: 48 av 279 (17,2 %)

  • NKP: 2 av 12 (16,7 %)

  • GENP: 47 av 283 (16,6 %)

  • KRF: 38 av 274 (13,9 %)

  • PS: 34 av 257 (13,2 %)

  • ENSOM: 2 av 22 (9,1 %)

  • KRISTNE: 19 av 276 (6,9 %)

  • HELSE: 15 av 272 (5,5 %)

  • INP: 8 av 234 (3,4 %)

  • DNI: 8 av 269 (3,0 %)

  • DEMN: 4 av 257 (1,6 %)

  • FRED: 3 av 234 (1,3 %)

  • PP: 3 av 254 (1,2 %)