Falske nyheiter blir spreidd raskare enn ekte

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 12.03.2018 09:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Studien er utført av forskarar ved Massachusetts Institute of Technology (MIT) og vart publisert i tidsskriftet Science. Dei har sett på om lag 126.000 nyheitssaker publisert på Twitter i perioden 2006 til 2017. Sakene vart republisert av tre millionar menneske meir enn 4,5 million gonger.

For å avklare om nyheitene var ekte eller ikkje, brukte forskarane seks ulike organisasjonar som jobbar med å sjekke fakta.

70% større sjanse for at ei falsk nyheit vart «retvitra»

– Det var 70 prosent større sjanse for at ei falsk nyheit vart «retvitra» enn ei ekte, heiter det i rapporten.

Det tar ekte nyheiter seks gonger så langt tid som falske nyheiter å nå 1.500 menneske.

Forskarane meiner falske nyheiter er meir populære fordi dei er meir spektakulære, og dei såg at desse nyheitene vekte overrasking, frykt og avsky blant dei som svarte på tweeten.

Men forskarane kom også fram til at dei som spreier falske nyheiter generelt har «betydeleg færre følgjarar, følgjer betydeleg færre menneske, var betydeleg mindre aktive, var oftare ikkje verifisert og hadde brukt Twitter i ein betydeleg kortare periode», heiter det i rapporten.

Les også: Slettmeg.no: – Mørketal blant gutar som får bilde spreidd på nett