Eirik Tangeraas Lygre
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sju kjappe triks for å avsløra «fake news»

Falske nyhende har eksistert i fleire hundre år. Men framveksten av internett har ført til ein eksplosjon i omfanget, og i dei siste åra har ein sett stadig meir sofistikerte variantar.

Somme av desse kan vera svært vanskelege å avsløra.

Vi har snakka med Mina Karlsen ved faktasjekkingsnettstaden Faktisk.no, og laga ei sjekkliste. Følgjer du desse, er sjansen vesentleg mindre for at du går på limpinnen:

1. Er avsendar truverdig?

Først og fremst må ein identifisere avsendar. Kven er det som har skrive eller sagt noko, og finst det meir informasjon om denne kjelda? Er personen ekte? Hos nettaviser finn ein som regel ein «om oss-seksjon».

Mina Karlsen er faktasjekkar i Faktisk.no. Foto: Privat

– Her ser ein kven som står bak, og kven dei eventuelt får økonomisk støtte frå.

Dersom avsendaren har eit politisk mål eller noko dei vil oppnå, kan det påverka innhaldet. Det finst òg nettstader som manglar «om oss»-seksjonen, og som verken oppgir namn eller kontaktinformasjon til dei som står bak sida.

– Då bør det ringe ei bjelle, understrekar Karlsen.

2. Sjekk publiseringsdato

Slik markerer NRK.no at saka er gamal, noko som skal gjere lesaren merksam på at saka kan ha endra seg. Skjermdump.NRK.no

Titt og ofte får gamle artiklar ny giv på internett. Det er ikkje alltid problematisk, men dersom det har gått lang tid sidan saka blei skriven, er det lurt å tenkja seg om ein gong ekstra.

– Saka kan ha vore riktig då ho blei publisert, men er ikkje nødvendigvis det nå lenger. Det kan ha kome opp ny informasjon sidan den gong som gjer saka utdatert. Då bør ein ikkje dela vidare, ifølgje Karlsen.

Nokre norske medium har nå begynt med å merka saker som er gamle.

3. Lær deg å bruke Google

Eit kjapt Google-søk kan ofte avsløra om ein nettstad er seriøst eller ei. Der kan ein sjå om nokon har skrive om sida før, og finna meir utfyllande informasjon om både nettstad, artikkelforfattar, og informasjonen ein er usikker på.

– Det å vere ein ansvarleg medborgar inneber å lære seg korleis ein finn og identifiserer truverdig informasjon. I faktasjekkane vi lagar på Faktisk.no, tar vi med lesaren steg for steg, og forklarar korleis vi har funne ut av ting, samt kva statistikk og kva nettstader vi har basert oss på, seier Karlsen.

Er det fleire truverdige medium som stadfestar ein påstand, er sjansen større for at det stemmer. Men sjekk gjerne om dei alle baserer seg på éi og same kjelde, eller om det er ulike kjelder som stadfestar informasjonen.

4. Sanne element betyr ikkje at heilskapen er sann

Det er utbreidd blant falske nyhende at ein blandar saman element av sanning og løgn. Slik blir informasjonen enkel å tru på, sjølv om det overordna i saken ikkje er sant.

Falske saker har ofte rot i røynda.

Sjekk gjerne opp kjeldene som ei sak baserer seg på, sjå om dei er truverdige, og om dei faktisk støtter konklusjonen i saka.

– Falske saker har ofte rot i røynda, og det gjer det vanskeleg. Det er viktig å vera obs på, oppfordrar Karlsen.

I blant kan dessutan eit bilde nyttast i ei heilt anna sak enn det høyrer til. Som då bilder av blodig meksikansk politi blei sett i samanheng med flyktningar frå Latin-Amerika, men viste seg å stamma frå heilt andre hendingar.

5. Sjekk URL-en

Ta ein ekstra kikk på lenkjeadressa til saka. Somme gonger blir den grafiske forma til ein truverdig nettstad kopiert, og lenkjeadressa er tilnærma lik.

– URL-en kan godt innehalde same namnet, men med noko lagt til i etterkant. Eller det kan vere ei adresse du aldri har høyrd om, men med lik profil som eit kjend medium.

Ei sak som truleg skulle brukast som propaganda for russisk media nytta ein nær identisk kopi av britiske The Guardianeinaste forskjell var at prikken over i-en var vekke.

6. Lær deg forskjellen på ulike typar innhald

– Ein bør vere merksam på om det ein les er annonsørinnhald, annonsar, lesarbrev eller vanleg, redaksjonelt innhald. Eit lesarbrev vil til dømes ikkje ha interesse av å få fram alle sider av ei sak, påpeikar Karlsen.

I dagens medierøyndom kan det somme gonger vere vanskeleg å skilja mellom såkalla «innhaldsmarknadsføring» og journalistikk, fordi førstnemnde baserer seg på å etterlikne sistnemnde, men med ei anna hensikt.

Medan journalistikken forsøker å gi ei balansert og kritisk framstilling av eit emne, vil innhaldsmarknadsføringa selja eit produkt eller fremja eit selskap – med journalistiske verkemiddel.

– Når ein les er det fort gjort å scrolla forbi merkinga av annonsørinnhald.

Les også innlegget: Klimaproblemet Equinor

Fleire har reagert på annonsørinnhald frå Equinor i etterkant av skulestrekane for klima. Skjermdump

7. Sjekk slagsida di

Ofte handlar falske nyhende om tema som vekker stort engasjement, slik som innvandring eller helse.

– Til dømes kan det dreia seg om ein sjukeheim som skal leggast ned for å bli asylmottak, fortel Karlsen.

Trur eg berre på dette fordi det samsvarar med synet mitt på verda?

Ein tar ofte utgangspunkt i aktuelle tema som får opp temperaturen, og som blir delt på sosiale medium. Deretter blir sakene prioritert høgt av algoritmane, og spreier seg fortare.

– Ein bør identifisere kva ein sjølv blir engasjert av, og spørje seg: Trur eg berre på dette fordi det samsvarar med synet mitt på verda? Stadfestar det fordommane mine? Kjenn litt på det, og tenk over korleis du kan gå i fella.

Saka på Aftenstidende.com om Greta (92) har fleire faktorar som bør få varsellampene til å blinke. Biletet er frå ei heilt anna sak. Både pleiehjemmet og kjelda er oppdikta og nettadressa aftenstidene.com tek sikte på å etterlikne meir seriøse aktørar. Skjermdump: Aftenstidene.com