Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 12.05.2019 10:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Med alle rapportane om trollfabrikkar og valpåverknad er det litt overraskande at det i så høg grad er stabile og truverdige nyheiter som finst og vert delte i dei unge sin nyheitsflyt, seier lektor i didaktikk på Uppsala universitet, Thomas Nygren, til Upsala Nya Tidning.

Han står bak det store eksperimentet Nyhetsvärderaren valspecial. Saman med 2500 elevar frå vidaregåande skule har Nygren undersøkt nyheitene som var i nyheitsflyten deira i førekant av det svenske valet.

Dei første resultata er no klare – nyheitene kom frå tradisjonelle media, først og fremst dei største avisene og statskanalane. Aftonbladet stod for nesten ein tredjedel av nyheitene, tett følgd av Expressen, Sveriges Television og Sveriges Radio, Dagens Nyheter/Svenska Dagbladet og Nyheter24.

Les også: Ungdomsskuleelevar skal lære å oppdage falske nyheiter 

– Ungdomen held ikkje til i noko filterboble

Eksperimentet var også ein indikasjon på at artiklane som dukkar opp når ein scrollar på telefonen, ikkje er styrande for kva ungdomen bryr seg om.

Dei artiklane som hyppigast dukka opp tok føre seg økonomi og brotsverk/straff, men ungdomen svarte heilt annleis då dei vart spurde om kva som var dei viktigaste valsakene. Då var helsepolitikk mest sentralt, følgd av omsyn til miljø, utdanning, arbeidsløyse og forsvarspolitikk.

– Ein kan konstantere at dei fleste ungdomar ikkje held til i noko filterboble, trass alt prat om slikt. Snarare var nyheitsinntaket deira før valet mykje breiare enn venta, seier Nygren.

I tillegg vart det klart at ungdomen helst oppsøkte nyheitene på eiga hand, og ikkje ved å følgje lenker på sosiale media, skriv Upsala Nya Tidning.

Les også: – Facebook fortel meg kva som er trendy, men ikkje kva som er siste nytt

Men kjeldekritikk er framleis nødvendig

Tove Stjern Frønes. Foto: Universitetet i Oslo

Tove Stjern Frønes. Foto: Universitetet i Oslo

Endå svensk ungdom ikkje vert utsett for ein flaum av fake news, tyder det ikkje at kjeldekritikk er unødvendig. For eksperimentet seier lite om kor gode ungdomen er på det.

Tove Stjern Frønes, forskar hjå Universitetet i Oslo, har granska på korleis unge les kritisk på Internett. Ho er overraska over resultatet frå det svenske eksperimentet, men trur ikkje ein skal overvurdere tydinga.

– Dette kan skuldast at ungdomane har gode vanar. Kanskje går dei til SVT og Svenska Dagbladet automatisk? Det er ikkje dermed sagt at dette er lett å vidareføre til anna enn nyheitssaker, seier forskaren.

Les også: Falske nyheiter er ekte truslar

Nyanseforskjellane

For endå det er oppløftande at ungdom klarar å leite fram truverdige nyheitskanalar, er det ikkje dermed sjølvsagt at dei klarer å vurdere kva som er truverdig på resten av Internett.

– Det som har komt fram i mange saker er at om unge finn opplysningar på to plassar så trur dei at det er sant. Vaksne brukar ikkje slike mål – vi veit at feil forplantar seg, seier Stjern Frønes.

– Om vi går på biblioteket og tek eit leksikon så er det tydeleg kva type tekst det er. Unge har ikkje kunnskap om sjangrar og teksttypar på Internett.

Det ein er mest uroa over er kor vidt unge klarar kjenne att farga journalistikk eller trur den er nøktern. På Internett kan ein bloggar skrive mykje meir om eit gitt tema enn ein forskar.

Utan kritiske tankar kring kven forfattar er, så kan ein fort akseptere eit feilaktig bodskap som sanning.

Les også: Slik unngår du Trump-tilstandar i feeden din