NRK-program manipulerte skuleval med falske profilar og falske nyhende

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er heilt hårreisande, tordnar Andreas Sjalg Unneland, leiar i Sosialistisk Ungdom til VG Nett, som først skreiv om saka.

I ein video som blei lagt ut på Youtube tidlegare i dag, viser eit møte på skulen, der rektor Øivind Sørlie stadfestar at nokon har prøvd å påverka valet.

– Det er nokon som har prøvd å påverka skulevalet ved Lillestrøm videregående skole. Det har pågått lenge, eit halvt år og med stor kraft og stor kynisme. Det er ingen andre enn eg som har visst om det og dei har fått lov av meg til å gjera det, seier Sørlie på videoen som Framtida.no har sett.

No er videoen fjerna.

Programleiar Andreas Wahl overraska elevane på Lillestrøm videregående skole. Foto: youtube

– Har prøvd beint på å påverka dykk

– Me har prøvd beinhardt å påverka dykk. Me har brukt pengar og arbeidstid, fortel Andreas Wahl til elevane.

I videoen fortel programleiar Andreas Wahl i detalj om korleis manipuleringa har skjedd.

Programmet har laga fleire falske profilar i sosiale medium, og har fôra elevane med falske nyhende.

Blant dei falske nyhenda som er delt, finn me mellom anna:

  • SV vil at lærarane skal setja individuelle fråversgrenser for elevane
  • MDG vil ha deodorantforbod i skulen
  • MDG vil innføra kvotar for bruk av internett
  • Frp vil ha klimarekneskap for innvandringspolitikken
  • Arbeidarpartiet vil bora olje i vernesonene og tømma LoVeSe for olje

Programmet har òg alliert seg med påverkaren Kristine Ullebø med denne støtteerklæringa til Senterpartiet:

Les også: Kristine Ullebø: Kven er det som bestemmer kva som er idealkroppen?

Wahl til elevane: – Held igjen på kor godt det lukkast!

På slutten av videoen seier han:

– Det er eit sterkt ønskje frå NRK heilt til topps: Fortel gjerne om eksperimentet om kva som har skjedd på skulen og alt du har gjort, men please held igjen på om kor godt det lukkast.

NRK Folkeopplysningen har starta fleire falske Facebook-sider og profilar. Her avslører dei at det er «fake news». Foto: skjermdump

– Håpar ikkje mange har førehandsrøysta

Alle som som er fødd i 2001 eller tidlegare har stemmerett i kommune- og fylkestingsvalet. Av dei 930 elevane på skulen, er det dermed kring 300 som har rett til å stemma i lokalvalet.

Andreas Wahl avsluttar videoen med å seia:

– Mange av dykk er over 18 år, og har stemmerett. Då er det viktig at viss de skal stemma, så er det viktig at de tenkjer kritisk. Set dykk inn i partiprogramma på ordentleg – dei ekte partiprogramma. Så godt val til de som skal stemma. Håpar ikkje alt for mange av dykk har førehandsstemt, sa Waal til latter frå elevane.

Kva synest du om at NRK prøvde å manipulera skulevalet på Lillestrøm vgs?

Kva synest du om at NRK prøvde å manipulera skulevalet på Lillestrøm vgs?

Heilt feil!121
Bra læring!236
På grensa92
Svar totalt: 449

Resultatet frå skulevalet kjem klokka 19 i kveld. Sjølve kommune- og fylkestingsvalet er måndag 9. september.

Framtida.no følgjer lokalvalet her!