Ser lyst på olje-jobb i framtida: – Det virkar som eit gøy yrke

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Om ti år vil det vera ein mangel på 20.000 fagarbeidarar innan tekniske fag i Noreg.

Søknadsfristen for vidaregåande opplæring 1. mars nærmar seg, men er olje-jobb framleis interessant for unge?

God løn lokkar

– Eg vil bli brønnoperatør eller prosessteknikar, fortel Daniel Hagen (15) til Framtida.no.

Han og klassen hans ved Tysnes skule er på besøk på Noregs største verft, Kværner Stord, i samband med utdanningsmessa på Stord i Sunnhordland. Her er nokre av verdas største oljeplattformar er bygde.

– Eg har lyst til å jobba med noko innan plattformar, og tenkjer å gå på elektro eller TIP, seier Kristoffer Gjerstad (15). Begge fortel at god løn lokkar dei.

Kristoffer Gjerstad har òg høyrt mykje bra om å jobba på plattform frå faren som jobbar på Gullfaks C.

– Det virkar som eit gøy yrke.

– Korleis ser de for dykk ei framtid i olja, når det blir snakka så mykje om fornybare næringar og at ein må fasa ut oljeindustrien?

– Viss ein er elektrikar, så vil det alltid vera jobb på land, svarar Kristoffer Gjerstad.

Av dei 31 10.klassingane ved Tysnes skule er det 16 som har bestemt seg for utdanning til hausten. 11 har bestemt seg for å ta yrkesfag. Foto: Svein Olav B. Langåker

Ser gode framtidsutsikter

Bransjeorganisasjonen Norsk olje og gass ser for seg gode framtidsutsikter i olje- og gassnæringa framover.

– Spesielt for personell med fagbrev innan TIP og elektro i tillegg ingeniørar vil det vera gode framtidsutsikter, seier Målfrid Rønnevik som er fagsjef for kompetanse i Norsk olje og gass.

Elektro har opplevd ein stor auke i talet på lærekontraktar dei siste åra.

– På grunn av ein aldrande arbeidstokk vil det vera behov for fleire lærlingar framover, seier Rønnevik.

LES OGSÅ: Rekordmange felt i produksjon på norsk sokkel

– Når ein har tatt fagbrev innanfor boring eller brønnservicefaga så har ein eit hav av moglegheiter etterpå, seier dagleg leiar ved OOF, Hanne Grethe Kvamsø. Foto: OOF

Aukar talet på lærlingar

Opplæringskontoret for oljerelaterte fag (OOF) i Stavanger har hatt eit lågt inntak av lærlingar dei siste åra.

I 2016 tok dei inn 66 lærlingar, men sidan då har det stige gradvis for kvart år. I 2019 tok dei inn 192 lærlingar.

Førebels er det i boreoperatør-faget det er størst behov for lærlingar i arbeidsmarknaden, og det er også her dei tar inn flest lærlingar.

– Framtidsutsiktene ser positive ut. Medlemsbedriftene våre gir tilbakemelding om behov for lærlingar framover, seier dagleg leiar ved OOF, Hanne Grethe Kvamsø.

Dei fleste lærlingane får fast jobb etter bestått fagprøve. Nokre lærlingar vel å gå vidare til universitet eller ta fagskule kombinert med at dei jobbar.

Talet på opptak av lærlingar viser at særleg bygg og anlegg og elektro har opplevd ein god auke dei siste åra. Kjelde: Udir.no

Stor trong for yrkesfag

Det vil vera stort behov for fagarbeidarar innan elektrofag, maskinfag og mekaniske fag, bygg og anlegg og handverksfag framover.

Om utviklinga held fram vil det vera ein mangel på 20.000 fagarbeidarar i 2030, ifølgje forskar Nils Martin Stølen ved SSB.

I ein rapport som han har vore med på å utarbeida for SSB kjem det også fram at det vil vera 60.000 fleire ingeniørar enn behovet, i 2030.

– Men det er ikkje snakk om at det vil gå så mange ledige ingeniørar. Dei kan gå inn i andre yrke og oppgåver, seier Stølen til Framtida.no.

TAF-Elektroelev Tomine Berge (18) fekk sjokk då ho byrja i ein klasse med tre jenter, men no ville ho ikkje bytt verken klassekameratar eller studieretning. Illustrasjonsfoto: Beate Haugtrø

Fakta: Olje og sysselsetting

  • Cirka 225.000 menneske jobbar innan olje- og gassnæringa i Noreg – då er både oljeutvinning og leverandørindustri tatt med.
  • Det er stort behov for arbeidarar med utdanning innan yrkesfag som elektro, maskin og mekaniske fag, bygg og anlegg og handverksfag framover.
  • SSB reknar med det vil vera mangel på 20.000 med denne utdanninga i 2030.