Yrkesfag eller studiespesialiserande – ditt val!


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

1. mars. Datoen som får hjartet til å banke fortare, og sveitta til å drople. Ditt fyrste steg mot framtida byrjar med denne dagen. Er du redd?

No er det omkring to veker til søknadsfristen på vidaregåande skule, som er ein realitet for mange.

For nokon er det eit lett val, for andre er det svært vanskeleg. Det er eit hav av moglegheiter der ute, og utruleg mange forskjellige linjer.

Mange er klare for å kaste seg ut i utdanninga, medan andre gruar seg til fleire år på skulebenken. Dersom du finn deg sjølv i sistnemnde kategori; har du vurdert å gå yrkesfag?

Les også: Lokkar elevane til yrkesfag med Lego-robot, VR-briller og klikk-app

Frå helse og oppvekst til bygg og anlegg

Yrkesfag plar å vere to år på skule, og deretter to år som lærling. Dette er å anbefale dersom du ikkje har spesielt lyst til å sitje dag ut og inn på skulebenken. Du treng ikkje ha nokon forkunnskapar heller, motivasjon held i massevis!

Mange jenter plar å velje yrkesfag innanfor til dømes helse- og oppvekstfag, men det er uendeleg mange å velje mellom. Ein kan gå bygg- og anleggsteknikk, elektrofag, TIP, naturbruk etc.

Kanskje du har innsett at på grunn av blod- og sprøyteskrekk, så er ikkje helsesektoren noko for deg? Ynskjer du likevel ein spennande kvardag som ikkje involverer å vere på skulen heile tida? Då bør du velje ein av retningane nemnd ovanfor.

Les også: For tredje år på rad aukar talet på lærlingkontraktar for elevar på yrkesfag

Fekk sjokk første skuledag

Det er dessverre mange færre jenter enn gutar som går desse yrkesfaga.

Eg går sjølv elektro, som er svært mannsdominert. Fyrste skuledag fekk eg sjokk då eg fann ut at me berre var tre jenter i klassen! Då vart eg veldig skuffa, og hadde på byrjinga ikkje noko særleg lyst til å fortsette på linja. Etter å ha blitt kjend med den gode gjengen som er min klasse, vil eg ikkje lenger byte i det heile!

Å gå yrkesfag har klart sine fordelar framfor å gå studiespesialisering. Du kjem deg raskt ut i arbeidslivet, og vert på denne måten tidleg sjølvstendig, noko som er svært nyttig vidare i livet.

Dersom du som jente vel meir mannsdominerte yrkesfag, vert du svært attraktiv for potensielle arbeidsgjevarar. Mange arbeidsplassar har eit fleirtal av mannlege søkjarar, noko som gjer at CV-en din kjem til å skilja seg ut blant dei fleste dersom du skal søke ny jobb.

Les også: Veidekke er bekymra over haldninga foreldre har til yrkesfag

Løn under utdanning

Eit anna gode ved å velje yrkesfag er at du får løn! Dersom du vel denne retninga kan du vinka adjø til ekstrajobbar på kveldstid; du styrar nemleg ettermiddagane dine sjølv. Kombinert med ingen lekser tydar det at du kan bruke tida di akkurat slik du ynskjer. Høyrest det ikkje herleg ut?

Det viktigaste med val av vidaregåande skule er at du vel det du sjølv vil, ikkje det alle andre vil at du skal velje.

Dersom alle venane dine skal gå på ei linje du ikkje ynsker å gå på, må du stå på ditt og gå din egen veg. Du kjem til å få nye vener i klassen uansett!

Les også: Her konkurrerar elevane om kven som er best i yrkesfag: – Høg puls og full fart

Feil val er ikkje verdas undergang

Og hugs; har du valt feil, er det ikkje verda si undergang. Det tek mot å innrømma at ein har valt feil retning, og då er det berre å byte til noko anna.

Ver klar over at du skal arbeide heile livet, då er det viktig å velje noko ein likar! Trekk pusten, du har uansett blitt ei erfaring rikare.

Med dette ynskjer eg deg lykke til med valet, og håpar at denne artikkelen kan hjelpe deg litt på veg.