Rekordmange felt i produksjon på norsk sokkel
I haust vil det vere 88 produserande olje- og gassfelt på sokkelen. Aldri før har det vore så mange – og framleis er det ytterlegare 85 funn som kan byggast ut.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det er nok olje og gass på norsk sokkel til at vi kan ha lønnsam, effektiv og forsvarleg petroleumsverksemd i mange tiår, seier direktør for utbygging og drift Ingrid Sølvberg i Oljedirektoratet.
Produksjonen aukar
Fredag la direktoratet fram ressursrapporten sin for funn og felt i 2019. Han viser at det no er 86 produserande felt på sokkelen. Når Johan Sverdrup og Skogul kjem i produksjon i haust, er ein oppe i 88 felt.
– Prognosane fram mot 2023 viser at produksjonen aukar frå 2020. Oppstart av nye felt, mellom anna Johan Sverdrup, kjem til å meir enn vege opp for reduksjonen i oljeproduksjon frå felt som no er i drift, skriv direktoratet.
Per 31. august 2019 var det 85 felt i produksjon: 64 i Nordsjøen, 19 i Norskehavet og to i Barentshavet. I 2018 vart eitt nytt felt sett i produksjon, Aasta Hansteen. To nye felt, Oda og Trestakk i Nordsjøen har kome i produksjon så langt i 2019.
Ventar ny topp på totalproduksjon i 2023
Neste år blir det planlagt at felta Bauge, Martin Linge, Yme, Dvalin og Ærfugl skal komme i produksjon. Det blir venta at totalproduksjonen på norsk sokkel kan nå ein ny topp i 2023.
Ved årsskiftet var det 85 funn der dei som eig rettane enno ikkje har levert ein plan for utbygging og drift til styresmaktene.
Funna har til saman ressursar på 660 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar som kan vinnast ut, noko som utgjer 15 prosent av dei attverande oppdaga petroleumsressursane.
Les også: FN-ekspert ber Noreg slutte å leite etter meir olje