– Å satse på yrkesfag er å satse på framtida

Ina Martine Brendø, 1. fylkesnestleiar Sogn og Fjordane Unge Høgre
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Lesarbrevet stod først publisert hjå Firda, og er gjengjeve med løyve frå forfattaren.

Eg er bekymra for framtida. Ettersom vi veit at om berre 15 år kjem vi til å mangle nesten 100.000 fagarbeiderar. Det er 100.000 menneske som skal ta oss i mot i ambulansen når krisa rammar, som skal passe på oss når vi er sjuke og som skal bygge landet vårt.

Utdanninga må vere best mogleg

Det er berømmeleg at fleire og fleire vel yrkesfag, men vi må fortsette å jobbe for at det skal bli ei enno meir ettertrakta studieretning. Då må utdanninga vere best mogleg. For å få til det, må skulekvardagen vere relevant og meiningsfull for elevane på yrkesfag.

Om 15 år kjem vi til å mangle nesten 100.000 fagarbeiderar

Analyse av Ibsen er verken meiningsfullt eller relevant for ein som skal bli elektrikar. Praktisk arbeid som kan overførast til elektrikaryrket derimot, har betyding for eleven.

Det er ingen tvil om at yrkesfag treng meir praksis og mindre teori.

Utan oppdatert utstyr kjem ein ikkje langt

Utstyret ein har på skulen er særs vesentleg for kvaliteten på utdanninga. Aldri har teknologien utvikla seg så rask som det den gjer no – samtidig kjem den aldri til å gå treigare. Utdatert utsyr er ein bremsekloss i utdanningsløpet.

Ein kan ha så mykje praksis ein vil i yrkesfaga, men utan oppdatert utstyr kjem ein ikkje langt. Elevane lærer seg til å jobbe med utstyr som ikkje lengre vert brukt i arbeidslivet. Når dei omsider byrjar som lærling og kjem ut i bedriftene, må dei starte heilt på ny.

Utdatert utsyr er ein bremsekloss i utdanningsløpet

Heldigvis har dagens regjeringa sett utfordingane og dermed foreslått å bruke 250 millionar til mellom anna nytt verktøy. Det er eit godt bidrag til relevant og meiningsfull læring.

I samsvar med dette foreslår regjeringa å auke utstyrsstipendet til yrkesfagelevane sånn at det betre samsvarar med utgifter til individuelt utstyr i opplæringa.

Eit meisterbrev er vel så viktig som ein mastergrad

Dei siste åra har det blitt satsa betre på yrkesfag enn nokon gong. Det er til lukke for oss alle, at satsinga på morgondagens fagarbeidarar held fram.

Eit meisterbrev er vel så viktig som ein mastergrad, og eit Noreg på sitt beste krev yrkesfag på sitt beste.

Har du noko på hjarta? Skriv til oss på tips @ framtida.no

Leiar i Elevorganisasjonen, Alida D’Agostino understrekar at det som skjer på nett i høgste grad er ein del av livet til elevane.