Changemaker-leiar ventar på Klimakur 2030: – Dritlei av at Noreg snakkar om tiltak

Peder Skjelten
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne veka lanserer Miljødirektoratet Klimakur 2030, ein rapport som skal føreslå måtar å kutte 50% av utslepp frå ikkje-kvotepliktig sektor (samanlikna med 2005) innan 2030.

Ikkje-kvotepliktig utslepp kjem frå transport, jordbruk, avfall og bygg. Deler av utslepp frå petroleum og industri er òg underlagt ikkje-kvotepliktig.

Rapporten er koordinert av ei faggruppe som består av Miljødirektoratet, Statistisk sentralbyrå, Enova, Vegdirektoratet, Kystverket, Landbruksdirektoratet og Noregs vassdrags- og energidirektorat.

Framtida har spurt ho og leiarane i Changemaker og Natur og Ungdom om forventningar og håp har for Klimakur 2030.

Klimaverstingar

– Klimaendringane er framleis ein stor del av kvardagen vår, det ser vi på den milde vinteren vi har no og tørkesommaren 2018, seier Spire-leiar Hege Skarrud. Foto: Spire

Hege Skarrud, som er leiar i Spire, meiner rapporten må legge opp til reduksjon i energibruken, men òg i forbruket. Ho fryktar rapporten vil gjelde utelukkande for klimakrise, når vi har er ei miljøkrise på gong samtidig.

– Vi kan ikkje legge opp til ein politikk i Noreg som kuttar på klimagassutsleppa samtidig som det fører til brot på menneskerettar andre stader. Vi har ein del bekymringar der, og kjem til å jobbe med det når rapporten kjem, seier Skarrud.

Klimakur 2030 skal òg utrede tiltak og verkemiddel for auke i opptak og reduksjon av klimagassutslepp i skog og arealbrukssektoren (LULUCF).

Skarrud trur rapporten vil fokusere på teknologi og grøn verdiskaping, og håper å sjå redusering av transportmidlar.

– Det kjem til å handle om karbonfangst og lagringsarbeid, samtidig som det skalerer opp satsing på elbil. Eg håper å sjå reduksjon av transportmidlar, vertfall i dei store byane. Dette blir ekstra spennande no som Frp er ute av regjering.

Noreg er klimaverstingar, ifølgje Skarrud. Ho meiner vi må tenke annleis enn kvotepliktig og ikkje-kvotepliktig utslepp, men heller på det internasjonale forbruket.

– Vi er blant klimaverstingane. Vi kan snakke så mykje vi vil om å fange karbonen i oljenæringa, men så lenge vi eksporterer den ut er vi klimaversting.

Manglar politisk vilje

Changemaker-leiar Embla Regine Mathisen forventar tydelege punkt og prioriteringar for kor det kan og må kuttast i norsk utslepp. Foto: Changemaker

– Klimakrisa handlar om klimarettferd og kva slags Noreg vi vil vere. Eg er dritlei av at Noreg snakkar om tiltak utan å gjere noko. Vi må rapportere inn høgare og tydelegare ambisjonar, seier Embla Regine Mathisen frå Changemaker.

Ho meiner at å kutte ikkje-kvotepliktig utslepp er umogleg utan politiske tiltak.

– Det siste året har vi sett problem med manglande politisk vilje, og det er der vi treng større innsats. Det er mogleg rapporten kan endre på det, men då må politikarane følgje etter, seier Mathisen.

Ikkje gode nok

Som Skarrud i Spire, meinar Mathisen at Noreg ikkje er gode nok på å halde utsleppa låge i dag.

– Ikkje i det heile tatt. Venstre skryt av å redusere utsleppa med éin prosent, men det tok fem år i regjering. Med Frp ute av regjering håper vi å få til reelle tiltak og fokus, seier Mathisen.

– Kva vil vere konsekvensane av å ikkje oppnå kutt på 50% utslepp i ikkje-kvotepliktig sektor innan 2030?

– Det vil vere katastrofalt. Mange hundre millionar må flytte, det blir store naturforandringar og biomangfaldet vil lide. Noreg bidreg på utfordringane med olje- og gassutsleppa.  No har vi ti år på å løyse krisa.

Feilprioritert

– Eg håper Klima- og miljødepartementet har ei klar ny retning. Ikkje berre ved å utvikle ny teknologi og spare på små utslepp. Dei må snu satsinga frå at det skal vere billeg og enkelt å køyre bil, til at det blir enklare å velje miljøvennlege alternativ, seier Therese Hugstmyr Woie, leiaren i Natur og Ungdom.

Ho trur likevel at Noreg får utfordringar med å omstille seg for meir miljøvennleg transport.

– Vi har prioritert feil. Fram til no har vi satsa på store firefeltsmotorvegar og vegprosjekt, utan å oppgradere tognettet. Utfordringa vil bli å ta tak i traffikauken og behovet for transport, seier Hugstmyr Woie.

– Er Noreg gode nok på å halde utsleppa låge?

– Det er ganske lett å svare nei på det. Vi har brote klimamål på klimamål. Vi har ikkje sette ambisiøse nok mål, og likevel ikkje fullført dei.

Therese Hugstmyr Woie er påtroppande leiar i Natur og Ungdom. Foto: Thor Due/Natur og Ungdom

Ikkje gjennomført Klimakur 2020

Rapporten skulle eigentleg leggast fram 15. desember 2019, men fekk utsatt frist då Klima- og miljødepartementet trong meir tid.

Hugstmyr Woie seier departementet kan kopiere forslaga i Klimakur 2020 til Klimakur 2030, då fleire av måla og tiltaka der ikkje blei gjennomført. Ho håper dei tek lærdom av det, og lagar ein ambisiøs nok plan for den nye rapporten.

– Konsekvensane av å ikkje ha gjennomført Klimakur 2020 er at vi er på nesten same stad som for ti år sidan, med endå dårlegare tid og utgangspunkt. Tiltaka blir dyrare fordi vi må bli drastiske, og det blir vanskelegare å ta omsyn til natur, mangald og rettferdig omstilling for folk. Det blir òg større utfordringar å ta vare på verdiar som trygge arbeidsstader, forutsigbarheit og naturmangfald.

Ho trur ein av utfordringane blir å skulle redusere ikkje-kvotepliktige utslepp i Noreg, utan å sende problema ein annan stad.

– Det er viktig å gjennomføre ei grøn omstilling og samtidig ivareta matproduksjon og utnytting av norske ressursar. Vi må løyse krisa utan å flagge matproduksjon og industri til utlandet, der utsleppet blir flytta på nokre andre. Det er ei felle å gå i.