Forsking: Nebbdyr blir trua av utrydding i Australia

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nebbdyret, som på engelsk er kjent som platypus, har allereie forsvunne frå opptil 40 prosent av tilhaldsstadene sine på austkysten av Australia grunna tørke, rydding av land, forureining og bygging av demningar. Dette øydelegg habitata deira, seier forskarane.

Dei reknar med at bestanden vil falle ytterlegare 47–66 prosent dei neste 50 åra om trusselen held fram, og forskarane seier at mengda dyr kan falle med opp til 73 prosent innan 2070 om ein tar høgde til dei forverra klimaendringane.

Forverra utsikter for nebbdyret

Samtidig åtvarar forskarane økosystemsenteret ved Universitetet i New South Wales om at skadar på elvesystem grunna lite nedbør og høge temperaturar har forverra utsiktene for dyret.

– Desse farane utset nebbdyret for endå verre lokale utryddingar, utan kapasitet til å få opp bestanden i områda, heiter det i rapporten.

Nebbdyret er lista som «nær trua» på lista frå Verdens naturvernunion (IUCN). Forskarane bak rapporten meiner det er eit pressande behov for ei nasjonal risikovurdering for å vurdere om nebbdyret skal kategoriserast som «sårbart» og om tiltak må gjerast for å minimere ei kvar risiko for utrydding.

Nebbdyret, ein skapning som har nebb, men ingen venger, legg egg og lever i vassområde i Australia.

Australske styresmakter har sett i gang Operasjon klippewallaby for å sikre mat til brannråka dyr.Foto frå Facebook-profilen til Matt Kean.