Natur og Ungdom sin nye leiar: – Alle politikarar i regjeringa skulle hatt ein NU-medlem som rådgjevar

– Då hadde dei nok ikkje hatt samvit til å halde fram i dette bedagelege tempoet med klima og miljø langt nede på prioriteringslista, meiner Therese Hugstmyr Woie.

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 20.01.2020 11:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Før eg vart engasjert og byrja å lese om miljøpolitikk så hadde eg lett for å tenke at regjeringa sikkert visste best, men denne saka viste veldig tydeleg kor utruleg feil dei kan ha.

Det skriv Therese Hugstmyr Woie i ein e-post til Framtida.no, og viser til kampen mot oljeboring i Lofoten, Vesterålen og Senja. Det var saka som førte til at 22-åringen først engasjerte seg i Natur og Ungdom, og ho trur det er felles for mange av medlemmane.

Miljøproblem med for lite merksemd

På landsmøtet førre veke vart Woie vald til ny leiar i Natur og Ungdom, då Gaute Eiterjord takka for seg etter to år.

Når 22-åringen frå Tromsø no tek fatt i vervet, så vil ho rette meir fokus mot oppdrettsnæringa enn det organisasjonen har gjort tidlegare:

– Der er det nok av miljøproblem å ta av, som får alt for lite merksemd. Oppdrett er den nest største eksportnæringa i Noreg etter olje, så vi må klare å sørgje for ein miljøtilpassa vekst i næringane som må styrkast når Noreg vert omstilt vekk frå olja.

Ifølgje Miljøstatus er oppdrettsnæringa sine største miljøutfordringar lakserømming og lakselus, samstundes som fiskeoppdrett fører til utslepp av næringssalt og organisk materiale.

– Klarar ikkje gjere klimatiltak utan ungdom

– Kvifor er det bruk for Natur og Ungdom i Noreg?

– Fordi politikarane ikkje klarar å gjere dei vanskelege klimatiltaka utan at ungdom heiar og kjeftar på dei. Statsministeren brukte nyttårstala til å snakke om at 2020 er eit viktig år for klimaet, men ho er ikkje ærleg om at Noreg har feila i å oppnå sine mål om utsleppskutt gong på gong, og at det trengst ei stor endring i måten Noreg drivast på for å snu den trenden.

– Natur og Ungdom er til stades i heile landet, og vi gjer det vanskelegare for politikarane å sleppe unna med tomme ord og løfter.

Det nye arbeidsvalet i Natur og Ungdom består av 2. nestleiar Andreas Randøy (t.v.), leiar Therese Woie og 1. nestleiar Jørgen Næss Karlsen Foto: Thor Due/Natur og Ungdom

– Kva var dei viktigaste vedtaka som vart gjort på landsmøtet dykkar?

– Vi vedtok inn i arbeidsprogrammet for 2020 å auke fokuset på rettferdig omstilling vekk frå olja. Det er på tide at vi vert ferdige med debatten om Noreg må la olja ligge av klimaomsyn, og byrje å debattere korleis denne omstillinga skal ivareta sysselsetjing, natur, spreidd busetnad, urfolk og matproduksjon.

Samstundes vedtok miljøorganisasjonen ei uttaling om at forbruket må ned.

– Dette er ikkje noko nytt, men vi vedtok den som tilsvar til regjeringa si blinde tru på grøn vekst og teknologiutvikling, svarar Woie og poengterer at vi verken har nok ressursar eller nok tid til å løyse klima- og naturkrisa utan å redusere forbruket.

Skal verte umogleg å gje ut oljeløyve

Therese Hugstmyr Woie fortel at ei av dei viktigaste sakene for Natur og Ungdom i 2020 vert å gjere det umogeleg for regjeringa å tillate oljeboring i sårbare område, stadig lenger nordover i Barentshavet.

– Kampen står både i rettsalen i vårt klimasøksmål saman med Greenpeace, men også i forvaltningsplanen for Barentshavet som skal verte handsama av Stortinget, fortel Woie.

Samstundes vil miljøorganisasjonen freiste å snu pengestraumen frå regjeringa vekk frå «nye monstervegar og flyplassar», og over til tog og kollektivtransport som er konkurransedyktig med bil og fly.

– Kva er dine personlege hjartesaker?

– Det eg føler hastar mest no er å få stansa opninga av nye oljefelt for å setje i gang ei omstilling Noreg har utsett altfor lenge. Men eg vert litt ekstra glad når eg får snakke om Nord-Noregbana, miljøkrav til oppdrettsnæringa og miljøvenleg kystfiske.

På Natur og Ungdom sitt kontor i Oslo er veggane dekorerte med bilete frå tidelegare demonstrasjonar. Foto: Bente Kjøllesdal

Må heie på ungdomsorganisasjonane

For at meiningane og problema til ungdom skal nå fram til dei som styrer, trur den nyvalde NU-leiaren det er viktig å heie meir på demokratiske, ungdomsstyrte organisasjonar.

– I dag synest eg media og politikarar er alt for opptekne av å finne «vanlege» ungdommar utan noko organisasjonstilknyting når dei vil ha ei ung stemme om for eksempel klima, fortel Woie og utdjupar:

– Mange politikarar og journalistar hadde hatt godt av å vete meir om kor mykje arbeid ungdomsorganisasjonar legg inn i demokratisk utvikling av politikk og planar, og kor viktige vi er for at ungdom skal føle at dei vert lytta til.

– Kva er idealsamfunnet?

– Om alle politikarar i regjeringa, Stortinget og kommunestyre hadde hatt ein NU-medlem som rådgjevarar, så hadde vi nok hatt eit idealsamfunn i Noreg. Då hadde dei nok ikkje hatt samvit til å halde fram i dette bedagelege tempoet med klima og miljø langt nede på prioriteringslista, svarar Woie og legg til:

– Vi har hatt stor medlemsvekst det siste året, så vi skal nok klare å stille med rådgjevarar til alle.

– Eg trur kanskje det miljørørsla sit att med etter 2019, er at vi snakkar med meir sjølvtillit. Eg trur Greta Thunberg har vist at det nyttar å prate ærleg om problemet – det er då du når ut til andre folk. Foto: Bente Kjøllesdal

Therese Hugstmyr Woie

Alder: 22 år
Kvar kjem du frå: Tromsø og Lofoten
Yrke: Ny leiar i Natur og Ungdom!
Favorittfag på skulen: Matte og fysikk! Fag med klare svar var ei fin avveksling frå politikarar med bare uklare svar.
Ulike verv du har/hatt: Lokallagsleiar i Tromsø Natur og Ungdom og sentralstyremedlem i NU. Det siste året har eg vore tilsett som dagleg leiar for NU.
Kva organisasjonar/parti er/har du vore medlem i: Folkeaksjonen oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja, Spire, Nei til EU og Changemaker.
Kva gjer du i fritida/hobby: Eg dreg ut på tur eller sit inne og strikkar.