Utslepp frå europeiske fly er no høgare enn før pandemien

Forureining frå flyselskap i Europa overstig nivå frå før koronapandemien, trass løfte om å kutte utslepp.

Einar Nygaard
Publisert

Utslepp frå flyreiser i Europa har no passert nivåa frå før pandemien, skriv The Guardian. Det viser ein ny analyse frå tenketanken Transport & Environment (T&E)

Trass mangeårige løfte frå flyselskapa om å gjere flyturane meir energieffektive og miljøvennlege, held utsleppa fram med å auke.

Det irske flyselskapet Ryanair aleine sleppte ut 16,6 megatonn med CO₂. Det er omtrent like mykje som eit lite europeisk land, til dømes Kroatia, slepper ut i løpet av eit heilt år.

Karbonavtrykket til Ryanair er no 50 prosent høgare enn det var i 2019.

Det har heller aldri vore meir CO₂ i atmosfæren, ifølge Det internasjonale energibyrået.

Les meir: Frankrike vil fase ut fossilt drivstoff innan 2050

– At flyreiser når nye høgder er eit klart teikn på at industrien ikkje vil rydde opp. Det er på tide å stoppe å subsidiere avhengnad av fossile brennstoff, og starte å investere i framtida til ein berekraftig luftfartssektor, seier forfattaren bak analysen, Giacomo Miele.

Ein talsperson for Ryanair seier at utsleppa aukar fordi selskapet er Europa sitt raskast veksande flyselskap.

– Veksten skjer med nye, meir effektive fly, så utsleppa går ned per passasjer. Ryanair tek over for flyreiser med selskap med dårlegare fly, som slepper ut mykje meir person enn Ryanair, seier talspersonen.