Vernepliktige får ikkje ID-kort på nynorsk

Sidan 2003 har Forsvaret delt ut ID-kort for vernepliktige i «førstegangstjeneste» for «Kongeriket Norge/Kingdom of Norway». Norsk Målungdom fryktar for nynorskrekruttane. 

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er absolutt eit bokmålsdominert forsvar, fortel Kristoffer Myklebust Egset, som nyleg vart valt inn i sentralstyret til Norsk Målungdom.

21-åringen frå Ørsta har tidlegare vore leiar i Søre Sunnmøre Målungdom og sit i landsstyret for Norsk Målungdom.

Egset var i Forsvaret var ein del av kullet som var i førstegongsteneste frå januar 2018 til januar 2019.

Han tenestegjorde i sanitetsbataljonen brigade nord og hadde base på Setermoen. Her hadde han eit ID-kort for personar i «førstegangstjeneste» for «Kongeriket Norge/Kingdom of Norway».

Les også: Emilie valde Luftforsvaret

Klaga på ID-kort i november

– Nokon ville kanskje sagt at det er ein liten filleting, men slike små filleting er nynorsk i kvardagen til nynorskbrukaren. Me har ein rett og eit behov for å sjå språket vårt i kvardagen, så sjølv om det verkar som ein liten filleting så er det veldig viktig for den enkelte nynorskbrukar, understrekar Egset.

Årleg tek forsvaret inn rundt 6500 ungdommar frå heile landet i førstegongsteneste.

Talet på nynorskbrukarar har ifølgje Forsvarets personell- og vernepliktsenter ligge stabilt rundt åtte prosent.

Sidan 2003 har Forsvarsdepartementets identitetskort (FD-ID) fungert som identifikasjon av vernepliktige.

I november 2018 sendte Norsk Målungdom inn ei klage til Forsvaret på vegner av ein annan person i førstegongsteneste om manglanade ID-kort på nynorsk.

Målungdommen klaga òg på automatisk e-postsvar på bokmål, som svar på klagen.

Dette er ikkje første gong målrørsla har kritisert forsvaret for språkbruken. I fjor kritiserte Norsk Mållag Forsvaret for å kapitulera for bokmål sidan magasinet «Innsats» var blotta for nynorsk.

Leiar i Norsk Målungdom, Fredrik Hope. Foto: Norsk Målungdom/Anna Sofie Ekeland Valvatne

Målungdommen får støtte frå Språkrådet

Leiar i Norsk Målungdom, Fredrik Hope er ikkje nøgd med stoda i etaten.

– Forsvaret er til for å forsvare oss alle. At Forsvaret, som er ein del av Staten ikkje kjem på at dei skal bruka nynorsk på eit ID-kort som alle skal ha er beklageleg, seier Hope.

Han etterlyser meir språkleg medvit i Forsvaret. I tillegg til at Forsvaret er eit statleg organ som pliktar å følgja Mållova peikar han på at det er ein plass der mange unge nynorskbrukarar opplever å vere i mindretal for fyrste gong.

Målungdommen får støtte av Språkrådet, som slår fast at «§ 6 i mållova seier at private rettssubjekt kan krevje ei viss målform i alle løyve, faste formularar og liknande som direkte gjeld dei sjølve. Slike «faste formularar» og «løyve» kan vere til dømes pass eller – som i dette høvet – ID-kort.»

Språkrådet ber Forsvaret gå gjennom rutinane sine for målbruk i organisasjonen og «håpar å sjå at ei ny e-postmelding kjem på plass innan året er omme, og at de snarast råd gjer ID-korta dykkar tilgjengelege i begge målformene.»

Les også: Norsk Målungdom vil gje meir makt til Språkrådet

Oberstløytnant i infoseksjonen i Forsvarets personell- og vernepliktsenter Vegard Finberg fortel at saka med ID-korta er sendt vidare til Forsvarsdepartementet. Foto: Forvaret

Forsvaret tar «selvkritikk»

I ein e-post til Framtida.no skriv oberstløytnant Vegard Finberg at autosvar på e-post vart fiksa «nokså umiddelbart etter at vi ble gjort oppmerksomme på mangelen».

«Forsvarets personell- og vernepliktssenter tar selvfølgelig selvkritikk og ønsker å bedre sine administrative rutiner ytterligere for å etterkomme og etterleve kravene i mållova. Dette er blant annet tema på vårt neste ledergruppemøte i begynnelsen av mai. Først og fremst vil utfallet av ledergruppemøtet føre til økt oppmerksomhet og bedrede i vår avdeling», skriv Finberg.

Han fortel at saka med FD-ID kort er sendt vidare til Forsvarsdepartementet (FD) medio mars 2019.

«Saken er ikke ferdig behandlet og jeg kan ikke foregripe utfallet av denne behandlingen,» avsluttar Finberg.

I ein e-post 30. april svarar seniorrådgjevar i Forsvarsdepartementet, Marita Hundershagen følgjande:

«FD ble først nylig ble gjort kjent med brevet fra FPVS. Vi vil nå se nærmere på spørsmålet som er reist og komme tilbake med et svar.»

Slik presenterer Forsvaret verneplikta på sine nettsider. Skjermdump: Forsvaret.no/verneplikt

Uroa for mindretalet i hierarkiet

– Når nynorskbrukarar vert i mindretal er det mange som kjenner seg pressa til å gå over til bokmål, forklarar Hope.

Han er ikkje imponert over kommunikasjonen dei har hatt med Forsvaret, som i november i fjor nøydde seg med følgjande svar på bokmål: «Takk for din henvendelse. Vi skal se på mulighetene for å få til dette neste gang vi gjør endringer på den tekniske løsningen.»

Hope tykkjer det er leit at dei ikkje har prioritert saka og etterlyser betre kunnskap og rutinar.

– Forsvaret har kultur for å vera ein plass med eit stramt hierarki, noko som gjer leiaransvar som språkarbeidet er ekstra viktig. At dei bryt mållova er ikkje greitt, slår Hope fast.

Han hyllar difor den meinige, som er den einaste han kjenner til at har teke tak i problemet.

– Det er veldig tøft gjort. Alle nynorskbrukarar gjer ikkje det. Det er viktig å seie ifrå, elles blir det ikkje betre. Samstundes burde det ikkje vore naudsynt. Dei burde klare å følgje statens eigne lover.

Les også: Mange fleire vil ta bachelor i Forsvaret

Forsvarsspråket

Egset hadde eit verv som tillitsvalt og har ikkje inntrykk av at språksituasjonen vart sett på som ei kjempeutfordring, sjølv om han som nynorskbrukar ikkje såg språket sitt i kvardagen.

Egset klaga ikkje sjølv formelt på nynorskmangelen og trur særs få ser på det som mogleg å klaga til befal og leiing angåande språket sitt.

– Me kjem inn og det første me får høyre er at de skal gjere alt me seier heile tida og så skal de læra eit nytt språk: Forsvarsspråket. Då kjem alle desse slangorda og forkortingane og då tenkjer jo ingen på sitt eige språk – kanskje.

Han meiner likevel det er viktig at Forsvaret reflekterer språkmangfaldet blant borgarane.

– Me reflekterer borgarane og då må dei jo bruke begge språka.