Endringar frå 2020: Dette er viktig for deg som er ung

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 06.10.2020 12:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nytt år, nye moglegheiter. Det gjeld også for lover og regelverk.

Me har til dømes 356 kommunar no – 43 av dei heilt nye. Me har også fått seks nye fylkeskommunar og har no 11 fylke i landet.

Men sjølv om kommune- og fylkessamanslåing kanskje er det som er snakka mest om, er det også mange andre større og mindre endringar som tredde i kraft i dét me gjekk inn i eit nytt tiår.

Her kan du sjå regjeringa si fulle liste og her er alle lovendringar, som tredde i kraft 01.01.2020. 

Enklare skattemelding

Kanskje har du nett starta i din første deltidsjobb eller kanskje har du vore i arbeidslivet ei stund. Uansett har det alltid vore litt knotete å finne ut av dette med skattekort, kor og kva du skal skriva.

No skal dei fleste få ei heilt ny skattemelding på skatteetaten.no, som skal vera enklare å forstå og fylla ut rett.

Les meir her.

Truleg billigare NRK-lisens

Dei fleste unge har kanskje snylta på foreldra sine, plombert TV-en eller berre droppa å ha TV. Men i dag får ein TV på mobil og nettbrett også, noko som gjer at NRK-lisensen frå i år av skal fordelast på alle, ikkje berre dei med ein fysisk TV. Det blir gjort gjennom skatten.

Kvar person skal etter reglane betala maks 1700 kroner. I fjor låg lisensen på 3100 kroner pr husstand med TV.

Er inntekta di lågare enn frikortgrensa på 55.000 kroner, slepp du å betala noko i det heile tatt. Har du bruttoinntekt (inntekt før skatt) på under 150.000 kroner, blir lisensen på 200 kroner. 

Meir universell utforming på NRK

Då krava til universell utforming vart innført i kringkastingslova frå 2013, blei det berre sett krav om teksting.

Det er no lagt til fleire konkrete krav om at NRK mellom anna må ha daglege program med teiknspråktolking, på norsk teiknspråk og med synstolking. Dei må også tilby lydtekst for alle ferdigproduserte TV-program med teksting, der det vert snakka eit anna språk enn norsk.

Andre store, komersielle TV-kanalar må mellom anna teksta alle ferdigproduserte program mellom klokka 18 og 23, i tillegg til å teksta direktesendte program om det er mogleg.

Les meir her og her.

Dobbelt statsborgarskap

Frå 2020 kan nordmenn også ha statsborgarskap i eit anna land, utan å mista sitt norske statsborgarsskap. I tillegg kan utanlandske statsborgarar få norsk statsborgarskap, utan å måtte seie frå seg sitt opphavelege.

Norske statsborgarar som tidlegare har måtte sagt frå seg sitt norske statsborgarskap til fordel for statsborgarskap i eit anna land, kan også søka om å få det norske tilbake.

Les meir her. 

Dyrare med snop frå nett

350-kronersgrensa er no endra. Det betyr at dersom du bestiller mat elller drikke frå utlandet, uavhengig av pris, må du frå no av ut med moms og toll frå første krone.

Frå 1. april trer same regel i kraft på alle andre varer også. Klede, sko, elektronikk og andre ting. Her kan du handla tollfritt inntil 3000 kroner, men betala moms frå første krone.

Ved import over 3000 kroner, skal det betalast avgifter og toll, som før.

Les meir her. 

Yngre må jobba lenger for å få like mykje pensjon

Pensjonsreglane for dei som er fødde i 1963 eller seinare er også endra i samband med at Folketrygden er endra. Målet er at det skal løna seg å stå lengre i arbeid. Di lenger du ventar med å ta ut pensjon og di lenger du jobbar, desto høgare blir den årlege pensjonen din.

– Dei nye reglane betyr at at dei yngre må jobba lenger enn dagens pensjonistar for å få like mykje pensjon, skriv Statens pensjonskasse på sine sider.

Dei poengterer likevel at dagens unge truleg vil leva lengre enn dei som er eldre i dag, og dimed få utbetalt pensjon over fleire år.

Reglane kan også gjera det enklare for yngre å skifta jobb mellom privat og offentleg sektor, enn det var tidlegare. Dette fordi den offentlege ordninga blir meir lik den private.

Les meir her. 

Billigare for utanlandske studentar

Prisen for søknad om opphaldsløyve vert også endra. Det blir mellom anna billigare å søka om opphaldsløyve dersom ein er student, og dyrare for au pairar.

I 2019 kosta det 5300 kroner for studieløyve for søkarar over 18 år. Frå i år vert det 4900 kroner. For au pair-løyve kostar det no 8400 kroner. I fjor var det 5300 kroner.

Les meir her.

10.000 får ikkje støtte for tannregulering

Dei som frå 01. januar 2020 får tannregulering får ikkje same stønad som ein fekk før. Regjeringa meiner tannregulering for gruppe C, gruppa med minst behov, er av kosmetisk/estetisk karakter og ikkje betyr noko for tannhelsa eller for det funksjonelle.

Det kan bety at 10.000 færre får regulering i året. Omlegginga rammar ikkje dei som starta behandlinga i 2019 eller tidlegare.

Generalsekretær i tannlegeforeningen, Morten Rolstad fortalde i haust til VG at mange i gruppa ikkje treng støtte, men at det gjeld ikkje heile gruppa.

– For nokon er dette nødvendig tannbehandling, og dei vil bli ramma hardt, sa han mellom anna.

Ein del av pengane som blir spart på dette skal brukast til å betra tilbodet til dei med alvorleg tannlegeskrekk og folk som er utsette for overgrep og tortur, og treng tannlegehjelp.

Les meir her.

Enklare #metoo-varsling

Kvar fjerde student har vore utsett for seksuell trakassering ifølgje rapporten SHoT 2018.

I Levekårsundersøkelsen om arbeidsmiljø frå 2016, sa 4 prosent av dei sysselsette at dei var utsette for uønska seksuell merksemd, kommentarar eller liknande ein gong i månaden eller oftare.

Sjølv om seksuelt krenkande oppførsel er omfatta av straffelova § 298, har det for mange vore altfor høg terskel å kunne gjera noko med det, fordi det måtte opp i ein domstol.

#metoo skapte merksemd rundt dette, og frå i år er det lansert eit lågterskeltilbod. No kan slike saker behandlast i Diskrimineringsnemnda i Bergen, og ikkje berre i ein rettssal, slik det har vore fram til no.

Saker som vert omfatta av straffelova, skal framleis behandlast i retten.

Les meir her.

Varsling i arbeidslivet

Det er også blitt innført nye lover som skal gjera det lettare å varsla om kritikkverdige forhold på arbeidsplassen.

Arbeidsgivar blir mellom anna pålagt å sørga for å følgja opp varselet og sikra at den som har varsla har eit forsvarleg arbeidsmiljø. Det vert også innført eit objektivt erstatningsansvar for økonomisk tap etter gjengjelding.

Les meir her.

Lettare å spara BSU etter bustadkjøp

Sjølv om finansminister Siv Jensen (Frp) fekk råd om å stramma inn i BSU-reglane, har ho ikkje gjort det. Men det vart lagt til ei presisering: no kan bankane ta omsyn til inneståande beløp på BSU-konto når dei reknar ut gjeld i forhold til inntekt (gjeldsgraden).

Før dette kunne BSU-midlar allereie takast med ved utrekning av belåningsgrad.

– Dimed vil ikkje forskrifta vera til hinder for at unge kan halda fram med å dra nytte av den gunstige bustadsspareordninga etter at dei har kjøpt sin første bustad, skriv Finansdepartementet. 

Mindre støtte til glutenfri mat

Mange slit med gluten og har fått statleg støtte for å kjøpa tilpassa produkt, som ofte er dyrare.

No vert støtta mindre, og for dei mellom 5 og 30 år kan ein no få 1074 kroner i månaden, medan eldre kan få 868 kroner.

Psykologar i alle kommunar

Psykisk helse er viktig å ta vare på, men då må ein også ha fagfolk som kan hjelpa. No er alle kommunar blitt lovpålagt å tilby kvalifisert psykologhjelp til sine innbyggjarar.

Frå 1. januar 2018 har kommunane allerie hatt plikt til å ha knytta til seg lege, sjukepleiar, fysioterapeut, jordmor og helsesjukepleiar.

Les meir her. 

Mindre AAP for dei under 25 år

Frå 1. februar kuttar regjeringa i minstesatsen for arbeidsavklaringspengar (AAP) for unge under 25 år. Den går frå 198 000 til 130 000 kroner og vil gjelde 12.000 mottakarar. Den nye endringa påverkar ikkje dei som allereie er inne i ordninga.

Unge på AAP og på kvalifiseringsprogrammet får dimed lik minstestønad. Også unge uføre som mottek AAP, vil få noko mindre utbetalt neste år.

I tillegg avviklar dei «Ung ufør»-tillegget, slik at ein ikkje lenger skal kunne få det medan ein får arbeidsavklaringspengar. Det skal no berre kunne gå til personar som mottek uføretrygd.

Les meir her. 

Lettare å få jobb med hòl i CV-en

Staten har eit ekstra ansvar når dei tilset folk, og ei ny regelendring skal hjelpa søkarar med hòl i CV-en. Desse skal behandlast som søkarar med funksjonsnedsettjing, og ha ei moderat kvotering.

Dei det gjeld personar som på søknadstidspunktet har fråvær frå arbeid, utdanning eller opplæring i til saman minst to av dei siste fem åra.

Les meir her. 

Uber kan koma tilbake til Noreg

1. juli 2020 vert dei nye drosjereglane innført. Ein av endringane er at taxi-køyring ikkje lenger må vera hovudyrket til sjåføren. Det betyr mellom anna at Uber blir lovleg i Noreg igjen.

Mange andre krav om løyver og tildelingskriterium vert også fjerna, noko som skal gjera det lettare å starta opp sjølv i bransjen.

Les meir her.

11 månadars studiestøtte i mål

Sidan 2017 har støtta vorte utvida med éi veke årleg, og etter tre år med innfasing er den siste veka med studiestøtte i juni på plass i 2020.

Det betyr at studentar frå i år av har full studiestøtte i elleve månadar.

Les meir her.