Statsbudsjettet: 11 månaders studiestøtte frå og med 2020

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Med dagens studiestøtte går norske studentar 5000 kroner i minus i månaden, noko som medfører at fleire studentar må bruke kredittkort og forbrukslån for å dekke basisutgifter. Det er svært bekymringsfullt, skriv Marte Øien i ein e-post til Framtida.no i førekant av at statsbudsjettet for 2020 vert lagt fram.

Ho er leiar i Norsk Studentorganisasjon (NSO), som lenge har kjempa for elleve månaders studiestøtte.

– Me forventar òg å sjå signal om at studiestøtta vil auke i storleik, og ikkje berre i omfang, understrekar ho.

152 millionar til siste veka

I 2016 vedtok Stortinget ei gradvis opptrapping frå ti til elleve månaders studiestøtte. Sidan 2017 har støtta vorte utvida med éi veke årleg.

Minister for forsking og høgare utdanning, Iselin Nybø (V), seier til NTB at den siste utvidinga vil koste 152 millionar kroner ekstra.

Dette betyr ifølgje regjeringa studiestøtta har vorte 14.600 kroner høgare sidan 2014.

Øien seier til NTB at dette er fantastiske nyheiter for norske studentar:

– Studentrørsla har jobba i mange år for elleve månaders studiestøtte. Det er svært gledeleg at Venstre og regjeringa gjev oss den siste veka, slik at studentane kan få lån og stipend for alle månadane me studerer, seier ho.

Stortingsrepresentant frå Nordland, Mona Lill Fagerås (SV). Foto: Stortinget

– Gjev med den eine handa og tek med den andre

I fjor fekk regjeringa kraftig kritikk då dei gjekk inn for å strama inn på reglane for omgjering frå lån til stipend, slik at delar av lånet først vart omgjort til stipend etter fullført grad.

Stortingsrepresentant Mona Fagerås i SV er ikkje imponert over den utvida studiestøtta, som ho meiner er finansiert ved å kutte andre stader.

– Totalt har regjeringa spart nesten éin milliard kroner ved å svekke ordningar for studentane. Dei gjev altså med den eine handa og tek med den andre, seier ho til NTB.

Vil offensiv satsing på studentbustadar

Til Framtida.no seier leiar Marte Øien at Norsk Studentorganisasjon også forventar å sjå ei offensiv satsing på bygging av studentbustadar

– Studentbustadar gagnar ikkje berre dei studentane som bur i studentbustadar, men bidreg òg til å halde prisane i den private leigemarknaden nede, skriv Øien.

Samstundes ynskjer Norsk Studentorganisasjon òg å sjå ei kraftig satsing på kunnskap og høgare utdanning.

Her er nokre av budsjettlekkasjane: