Dette er nyttårsønska til Noereh og Norsk Målungdom
Ein nordsamisk Disney-film, samiske møteplassar og ny språklov er det som har gledd ungdomsorganisasjonane Noereh og Norsk Målungdom.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– For å oppnå ei reell jamstilling treng ein tiltak for å styrke nynorsk. Eit uttalt mål om å styrke det minst brukte språket er ein god start på dette arbeidet, skriv Gunnhild Skjold i ein e-post til Framtida.no.
I april 2019 tok ho over vervet som leiar i Norsk Målungdom og i sitt første år i vervet gler ho seg over at regjeringa endeleg har lagt fram språklova som har vore på trappene i over ti år.
Ny nynorskkommune
– Vi er ikkje hundre prosent fornøgde med alt, men her er det mykje å glede seg for. Vi blei spesielt glade for at regjeringa slår fast at eit mål med den nye språklova er å styrke det minst brukte språket nynorsk. Sjølv om nynorsk og bokmål har vore jamstilte språk sidan 1885 veit vi at det ikkje er slik i praksis, understerkar Skjold.
Ho løftar også fram at nye Ålesund har blitt nynorskkommune, og at Disney gir ut Frost 2 på samisk, som andre gladsaker frå 2019.
– Det fleirspråklege samfunnet veks i 2019 også! understrekar Skjold.
Skuffa over Repparfjord
Den samiske ungdomsorganisasjonen Noereh har i 2019 feira FN-året for urfolksspråk og invitert medlemmane sine på førpremiere av Jikŋon 2, men det som har gledd leiar Elen Ravna mest er alle festivalane og møteplassane.
– Det er så mykje glede, samarbeid og engasjement, understrekar ho.
– Kva har skuffa deg mest i 2019?
– At Nussir ASA fekk endeleg godkjent driftskonsesjon for gruvedrift i Repparfjord. Det var ei dårleg avslutning av året på toppen av alle andre arealinngrep i Sápmi, svarar Ravna.
Sidemålstap
Også Norsk Målungdom har vorte skuffa i 2019, aller mest då regjeringa ifølgje Gunnhild Skjold la fram ein læreplan som går på tvers av deira eigen språkpolitikk.
– Vi hadde håpa at regjeringa ville nytte denne sjansen til å sørge for at norske elevar får lære både hovudmålet og sidemålet sitt godt. I staden leverer dei ein læreplan som fører til at sidemålselevane får dårlegare opplæring, og at det blir meir attraktivt for hovudmålselevane å byte hovudmål. Dette er stikk i strid med målet om å styrke det minst brukte skriftspråket, skriv Skjold, og legg til:
– Det verka som om regjeringa berre hadde tatt omsyn til bokmålsbrukarane, og ikkje tenkt på korleis læreplanen vil råke nynorskbrukarane og nynorsken.
Les også: Regjeringa fjernar delvis sidemålskarakteren: – Eit svik mot nynorskelevane
Språkdelt ungdomsskule 2020
– Kva er ditt største ønske for 2020, Gunnhild Skjold?
– At regjeringa innfører språkdelt ungdomsskule. Regjeringa har utsett det to gongar berre i år, og no er det på tide med eit svar. At bokmåls- og nynorskelevar får gå i eigne klassar er viktig for at nynorskelevane i språkdelte område skal få den undervisinga dei har krav på. Eg håpar at 2020 er året!
– Kva håp har du for 2020, Elen Ravna?
– Færre arealinngrep, ei regjering som faktisk høyrer på Sametinget og endå meir engasjement.