Forskarar vil ha totalt forbod mot glitter
Forskarar ynskjer eit fullstendig forbod mot glitter fordi partiklane forureinar havet og skadar marint liv.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det er juletider og høgsesong for glitter. Kanskje har du klint litt utover eit julekort eller på ei heimelaga lyslykt.
I så fall har du sikkert fått erfara at glitter hamnar over alt.
Forskarar vil difor ha eit totalt forbod mot glitter.
Glitter er nemleg laga av mikroplast, som det allerie er for mykje av i havet. Det er også funne store mengder mikroplast i snøen i Arktis.
Mikroplast i fisken
Professor Richard Thompson oppdaga at ein tredjedel av fisk i Stortbritannia hadde plast i seg.
– Eg vart ganske uroa då nokon kjøpte dusjsåpe med glitter til dotter mi. Det vil renne ned i sluket og til slutt ut i naturen, fortalde han The Independent.
Glitter er laga av bittesmå bitar med plast, som gjer dei skadelege for naturen og miljøet.
Som anna mikroplast kan plankton ete glitteret, som igjen vert ete av fisk – som igjen betyr at det kan enda opp på vår eigen middagstallerken. Og sjølv om bitane er bitte, bittesmå tar det tusenvis av år å bryta dei ned.
Forbod mot mikroplast
Både Storbritannia og USA har starta arbeidet med å få ned mengda mikroplast, mellom anna ved å forby microbeads, bittesmå plastperler som ofte blir brukt i såper og andre kosmetiske produkt.
Forsking har vist at eín tur i dusjen kan resultera i at det kjem 100.000 plastpartiklar i sjøen.
I desember 2017 signerte 200 land ein avtale om nullutslepp av plast, initiert av WWF.
– Noreg bør heilt klart gjere som Frankrike og andre land og forby eingongsplast ein gong for alle, sa Eirik Lindebjerg i WWF til NRK i ein kommentar.
Det har også vore diskutert om EU skal innføra eit forbod mot mikroplast.
Les også: Rapport: 330.000 tonn mikroplast kjem ut i miljøet kvart år
No brainer å slutte med glitter
På Florida Gulf Coast University oppmoda dei denne månaden sine studentar til å unngå glitter om dei skulle feira at dei er ferdig studerte.
«Kvar einaste bit av glitter som har blitt kasta mot himmelen i feiringa – truleg millionar, kanskje milliardar skinnande mikroplastbitar – er framleis overalt på vår over 4000 kvadratmeter store campus», skriv dei.
Forskar Trisia Farrelly ved Massey universitet, håpar også at glitter blir forbode.
– Eg meiner alt glitter burde bli forbode, fordi det er mikroplast, seier ho til The Independent.
Ho meiner det er ein no brainer å ikkje bruka glitter. Samstundes meiner ho det må skje ovanfrå, ikkje berre gjennom kjøpekraft.
– Eg er så lei av at det er kundane som må ta ansvar for å prøve å ikkje kjøpe feil ting. Det er jo heilt umogleg. Produsentar må ta ansvar og bruka tryggare, berekraftige alternativ.