Store mengder mikroplast funne i snøen i Arktis

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskarane undersøkte snø som var henta frå Arktis, mellom anna Svalbard, Nord-Tyskland, dei tyske og sveitsiske Alpane og nordsjøøya Helgoland, og analyserte prøvane i laboratorium.

– Vi venta å finne mikroplast, men vi er likevel overraska over dei enorme mengdene, seier Melanie Bergmann ved Alfred-Wegener-instituttet i Tyskland.

Forskinga deira viser at mikroplast blir sogen opp i atmosfæren på same måte som støv, pollen og eksospartiklar og blir transportert over lange avstandar til dei fjernaste regionane på kloden.

Høge konsentrasjonar

Bergmann seier at dei fann den høgaste konsentrasjonen av mikroplast i snøen frå dei bayerske Alpane, der ein prøve viste 150.000 partiklar per liter. Sjølv om konsentrasjonen var lågare i Arktis, viste ein prøve frå Grønland ein konsentrasjon på 14.000 partiklar per liter.

Biologen Martin Wagner ved NTNU i Trondheim, som ikkje var involvert i studien, seier at dei høge konsentrasjonane som forskarane fann, delvis kjem av at dei har brukt ein metode som gjer at dei finn partiklar som er mindre enn breidda på hår, mykje mindre enn tidlegare.

Han seier at det viktigaste ved studien, er at den viser korleis mikroplast blir transportert rundt i atmosfæren, og han viser til at det aldri før er påvist korleis mikroplast kan lagrast i snø og sleppast laus når snøen smeltar.

LES OGSÅ: Kan sopp og bakteriar løyse plastproblemet?

Frå lakk og klede

Bergmann seier at mikroplasten dei finn, mellom anna kjem frå måling og lakk som er brukt på bilar og skip, gummi frå bildekk og materiale som kan vere syntetiske fibrar frå tekstilar eller emballasje.

Det er aukande bekymring for korleis mikroplast påverkar miljøet, sjølv om det enno ikkje er fastslått om eller korleis mikroplast påverkar menneske eller dyr.

– Vi må verkeleg finne ut kva for ein effekt mikroplast har på menneske, spesielt viss han blir inhalert med lufta vi pustar, seier Bergmann. (©NPK)

LES OGSÅ: Isen utanfor Alaska er forsvunne heilt

Sjøisen i Arktis forsvinn. No er det ingenting igjen langs kysten av Alaska. Foto: NOAA