Forskarar fann mikroplast i krepsdyr på verdas djupaste punkt

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskarar har funne mikroplast i organismar i Marianegropa, som med sine nesten 11.000 meter under havet er verdas djupaste punkt. Det kjem fram i ein studie publisert i The Royal Society Open Science journal, som er sitert av britiske The Guardian.

Norske Dagbladet skreiv om funna allereie i 2017, basert på ei pressemelding frå Newcastle University. No er heile studien endeleg publisert.

Her finn du svar på nesten alle spørsmål du har om plast.

Plast over alt

Studien tek føre seg trusselen som ikkje-nedbrytbart materiale i klede, emballasje og anna avfall utgjer for livet i verdas djupaste havområde.

Forskarane har funne mikroplast i små organismar kalla amfipodar eller tanglopper i både Marianegropa og fem andre område som alle er djupare enn 6000 meter under havet.

Konklusjonen etter å ha funne plast sjølv i desse mørke djupvassområda er at det «høgst sannsynleg ikkje er nokre marine økosystem igjen, som ikkje er påverka av plastforureining».

Les også om korleis nokre av dei største selskapa i verda vil hindre at plastemballasjen deira endar opp i havet: Frå plastversting til resirkuleringsgigant

Forskarane fanga og undersøkte undersjøiske organismar frå Peru-Chile-gropa, Ny-Hebridenegropa, Kermadec-gropa, Japan-gropa og Izu-Bonin og Marianergropa, som alle i Stillehavet. Foto: The Royal Society Publishing

Verdas djupaste avfallsplass

I alle områda fann dei mikroplast i amfipodar, som er små krepsdyr. Jo djupare dyra levde, jo høgare sannsyn var det for at dei fekk i seg plast. På botnen av Marianegropa – 10.890 meter under havet – inneheldt alle prøvane mikroplast.

Materiala var mellom anna frå stoff som inneheldt polyester, lyocell, rayon, ramie, polyamid, polyvinylklorid (PVC) og polyetylen.

Hovudforfattar av studien, Alan Jamieson ved Newcastle University, understrekar at avfallet som når dei djupaste havområda ikkje har nokon veg vidare.

– Om du forureinar ei elv, kan ho spylast rein. Om du forureinar ei kystlinje, kan det bli spedd ut av tidevatnet. Men på dei djupaste punkta i havet blir det berre verande der. Det kan ikkje spylast vekk og det er ingen dyr som går inn og ut av desse gropene, understrekar han.

Lurer du på korleis forskarane hentar opp prøvar frå fleire kilometers djup? Sjekk denne videoen:

Påverka av overflata

Forskarane veit enno ikkje korleis gifta kjem ned i djupet eller kvifor konsentrasjonen er så høg. Dei veit heller ikkje kva denne forureininga betyr for artane som lev i djupet, men spekulerer i om det kan føre til same problem som hjå dyr som lev i overflata.

Forsking.no skreiv om saka siterte dei Katherine Dafforn frå University of New South Wales, som sa i ein kommentar i Nature Ecology & Evolution:

– Jamieson og kollegaane har skaffa tydelege bevis for at djuphavet slett ikkje er avsidesliggjande, men at det er tett knytt saman med overflatevatnet og har blitt utsett for betydelege konsentrasjonar av menneskeskapt forureining.

Dette fann zoologane ved Universitetet i Bergen (UiB) då dei opna magen på gåsenebbkvalen. Foto: Christoph Noever, UiB

I 2017 vart verda rysta då norske forskarar fann 30 plastposar inne i ein sjuk gåsenebbkval.

Seinare har det kome stadig fleire rapportar om sjødyr som har vorte sjuke av store mengder plast. I fjor fann forskarar seks kilo plast i ein død spermkval i Indonesia.

Les også saka om Maria (23) som lagar fuglar av plasten som tek livet av sjøfuglane: