USA opnar for gruvedrift på havbotnen: – Trump drit i å ta vare på kloden

– Kan få katastrofale konsekvensar, meiner Natur og Ungdom.

Åshild Slåen
Publisert

Torsdag signerte Donald Trump ein presidentordre som skal fremje amerikansk gruvedrift på havbotnen, ifølgje Reuters. Det får naturvernarar til å reagere.

– Gruvedrift på havbotnen kan få katastrofale konsekvensar for hava våre.

Det skriv Johanna Haukanes Leivestad, sentralstyremedlem i Natur og Ungdom, i ei pressemelding til Framtida.

– Konsekvensane av både leiting og utvinning av havbotnmineral er uante, og ein risikerer ein potensiell miljøkatastrofe. Med denne opninga viser Trump kor mykje han drit i å ta vare på kloden vår, og kor lite han respekterer internasjonal lovgiving.

Det er truleg store mengder verdifulle metall under havbotnen, og Trump er spesielt interessert i nikkel, kopar og andre viktige metall som er vanskelege å få tak i utan Kina. Desse minerala er avgjerande i industriar som involverer elektrisitet og batteri.

Johanna Haukanes Leivestad er sentralstyremedlem i Natur og Ungdom. | Foto: Lovise Tokle Rannekleiv/Natur og Ungdom

Noreg er eit av få land som har opna for gruvedrift på havbotnen, med vedtak i Stortinget i 2024. Sidan då har Verdas Naturfond (WWF) gått til sak mot den norske staten for å stanse prøveboring i Norskehavet og Grønlandshavet. Staten har fått medhald av Oslo tingrett, men WWF har anka saka vidare til Lagmansretten.

– Det som også er skremmande her, er korleis Noreg er ein del av denne desperate mineraljakta på havbotnen, der åtvaringane til forskarane og den massive internasjonale motstanden blir ignorert, skriv Leivestad frå Natur og Ungdom.

– Både Trump og dei norske politikarane som støttar ei satsing på gruvedrift på havbotnen må ta til vit, vi treng meir kunnskap om djuphavet før vi set i gang med ein industri som kan få så enorme konsekvensar.