– Vi har undervurdert mengda mikroplast

Frode Grimelid
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein nye studie viser at ei elv nær Manchester i England har den høgste målte ureininga av mikroplast i verda. Det skriv The Guardian.

I perioden 2015-2016 tok flaumvatn med seg meir enn 40 milliardar bitar med mikroplast til havet frå dette området.

Slår mikroplastrekorden

At berre eitt område kan forsyne havet med så mykje plast, talar ifølge studien for at dagens globale overslag på fem billionar mikroplastbitar er ei grov undervudering.

– Dette er eit lite til medium stort nedslagsfelt nord i England, med ei flaumhending i året. Det er ikkje mogleg at det globale overslaget er korrekt, seier Rachel Hurley i rapporten frå Universitetet i Manchester som er publisert i Nature Geoscience. Hurley er i dag postdoktor ved Norsk institutt for vannforskning (NIVA).

Den verste kjelda, elva Tame, hadde meir enn 500.000 mikroplastbitar per kvadratmeter i dei øvste ti centimetarane av elvebotnen. Funnet slår alle rekordar, men forskarane trur ikkje vi har sett det verste. Mellom anna er det dårleg med målingar for elvar i sørlege delar av verda.

Må ordne opp på land

Hurley meiner funna viser at ein også må sjå meir på kva som føregår i innlandet:

– Mykje arbeid går med til å sjå på den marine delen av mikroplastproblemet. Men studien vår viser at det verkeleg er oppstraums i områda kring elvane at problemet oppstår. Vi må kontrollere desse kjeldene for i det heile å begynne jobben med å reinse havet.

Mikroplast

  • Mikroplast er nedbroten plastikk, syntetiske fibrar og plastkuler frå hygieneprodukt.
  • Mikroplasten skadar marimt liv som trur plasten er mat.
  • Menneske får i seg mikroplast ved å ete sjømat, gjennom drikkevatn, og også gjennom annan mat
  • Korleis mikroplast påverkar helsa er framleis ikkje godt nok dokumentert