Håpar på EU-forbod mot mikroplast i kosmetikk

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Snart kan det bli slutt på dei små plastflaka i tannkremen din. Noreg jobbar for eit forbod i heile Europa.

Det er ikkje godt å seie kvifor. Men på eitt eller anna tidspunkt begynte produsentar å putte massevis av små plastflak og plastkuler i tannkremar og såper.

Partiklane er så små at dei vert skylde rett ut i havet, der dei vert etne av fisk.

No arbeider fleire land for eit forbod, og i Noreg blei regjeringa allereie i fjor beordra av Stortinget til å ta tak i saka.

– I første omgang følgjer vi opp dette ved å støtte prosessen for eit europeisk forbod, seier Miljøminister Vidar Helgesen (H) på telefon til NTB.

Saka held fram under bilete

Vidar Helgesen

Miljøminister Vidar Helgesen (H). Foto: Utenriksdepartementet/Flickr

Our Oceans

Han var fredag på Malta, der han deltok på den internasjonale havkonferansen Our Oceans saman med USAs tidlegare utanriksminister John Kerry og ei rekke europeiske leiarar.

EU er i ferd med å intensivere kampen mot plastforureining i hava, og Helgesen påpeiker at felles innsats vil vere meir effektivt enn at Noreg tar grep aleine.

– Dette er ei relativt lita kjelde til spreiing av mikroplast i Noreg, og vi har relativt få produsentar av kosmetikk. Derfor har Miljødirektoratet anbefalt oss å støtte opp om ei internasjonal regulering, som vil ha mykje større effekt, seier Helgesen.

Han fortel at Noreg no samarbeider med fleire andre land for å få på plass eit EU-forbod mot mikroplast i kroppspleieprodukt.

På høyring

EU-kommisjonen har allereie sendt saka på høyring, og Helgesen seier han reknar det som sannsynleg at forbodet vil komme.

– Men som i dei fleste EU-prosessar på miljøområdet, er det nokon som heng etter og motset seg det, seier han.

Dei mest utolmodige vurderer derfor å innføre nasjonale forbod først. Det same kan skje i Noreg.

– Eg har godt håp om at dette skal komme på plass på EU-nivå, men vi ser ikkje vekk frå at vi på vegen dit kan få eit norsk forbod også, seier Helgesen til NTB.

Fleire kjelder

I EU-høyringa vert fleire moglege tiltak lista opp, deriblant eit reint forbod, ei ordning der produsentane frivillig går med på å fase ut plastpartiklane, ei avgift på mikroplast eller tydelegare merking av slike produkt. Målet er å få ein overordna strategi på plass innan utgangen av året.

Helgesen understrekar at det finst viktigare kjelder til plastforureining enn kosmetikk. Han nemner garn, søppel i strandsona, gummistøv frå bildekk og granulat frå kunstgras som nokre av dei viktigaste kjeldene.

– Kroppspleieprodukt får stor merksemd fordi dei fleste kan relatere til det. Men i innsatsen mot mikroplast må vi prioritere dei største kjeldene endå høgare, seier Helgesen.

I to prøver av botnsediment i Norskehavet og ved Fjørtoft i Møre og Romsdal frå februar er det funne mikroplast. Les heile saka her.

Havbotn

Mareano-prosjektet kartlegg havbotnen i norske farvatn, mellom anna førekomsten av søppel. Forskarane vurderer no om dei òg skal kartleggje førekomstane av mikroplast. Foto: Havforskingsinstituttet