Undersøking: 14.000 studentar rusar seg

Ei fersk undersøking viser at 14.000 studentar brukar rusmiddel for å fremme eigen skuleprestasjon. No ropar fleire organisasjonar varsku.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– ⁠ At så mange norske studentar brukar rusmiddel for å fremme eigne studieprestasjonar er svært urovekkjande, seier leiar Marte Øien i Norsk studentorganisasjon (NSO) om Sentios ferske undersøking om rusvanar blant studentar i Noreg.

Undersøkinga er gjort gjort på vegner av NSO og Universitas.

5% av norske studentar brukar rus for å gjera det betre på skulen

Undersøkinga viser mellom anna at 5 prosent av norske studentar seier dei brukar rusmiddel for å fremje eigen skuleprestasjon.

Det svarer til i underkant av 14.000 studentar i Noreg, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB).

Undersøkinga viser at 24 prosent av dei som svarte ja på spørsmålet om dei brukar rusmiddel for å fremme eigen skuleprestasjon, brukar amfetamin, medan 22 prosent gir opp at dei brukar cannabis.

– Liten grunn til å tru at det fremjar prestasjonar

Professor ved Senter for rus- og avhengnadsforsking (SERAF) på Universitetet i Oslo (UiO), Thomas Clausen, meiner det ikkje nødvendigvis er nokon samanheng mellom akademiske prestasjonar og inntak av rusmiddel.

Thomas Clausen. Foto: UiO

– ⁠ Det er liten grunn til å tru at rusmiddelbruk generelt fremjar prestasjonar. At ein del brukar rusmiddel for å fremme presentasjon er uheldig, og vil for nokre kunne verke mot hensikta si, forklarar Clausen til Universitas.

Tala i artikkelen er rådata henta frå ei digital undersøking med 1009 respondentar tilknytta studiestadar over heile landet. Undersøkinga har ei feilmargin på 1,9 prosentpoeng.