Fleire ungdommar trur cannabis er lovleg, ifølgje politiet
Politiet høyrer om stadig fleire ungdommar som trur cannabis er lovleg. Dei meiner liberale politiske haldningar og større aksept av stoffet kan vere grunnen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Mange ungdommar trur at stoffet er lovleg i bruk. Dei blir svært overraska når vi fortel det motsette, seier Torbjørn Trommestad som leier førebyggande eining ved Arendal politistasjon til NRK.
Narkotikapoliti: – Dei oppfattar at det er lovleg
Organisasjonen Norsk Narkotikapolitiforening (NNPF) har 3.500 medlemmer frå heile landet. Styreleiar Jan Erik Bresil understrekar at ungdommar ser på narkotika som mindre farleg.
– Dei oppfattar at det er lovleg eller at det skal bli lovleg. Desse haldningane er den største bekymringa vår. På sikt vil dette påverke kor mange som vil slite med tunge rusmiddel, seier Bresil til kanalen.
Siste Ungdata-undersøking viser at 40 prosent av elevane på vidaregåande skular har vorte tilbodne cannabis det siste året. Delen har auka dei siste åra.
Unge Venstre-leiar: – Lov å hevde at dagens narkotikapolitikk er feil
Unge Venstre møtte i haust sterk motstand frå fleire hald då dei delte ut klistremerke og buttons for legalisering av hasj under skulevalkampen med «Legalize it».
Leiar i Unge Venstre, Sondre Hansmark, vil ikkje ta ansvar for at fleire ungdommar trur cannabis er lovleg i bruk.
– Vi har vore svært tydeleg på å kommunisere at bruken av illegale rusmiddel er ulovleg og forbunde med stor fare. Men vi må likevel ha lov å hevde at dagens narkotikapolitikk er feil, seier han til kanalen.