Undersøking: Studentar drikk så mykje at det rammar studiane

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Så mange som tre av fire opplyser at dei har venner som har vore borte frå jobb eller skule grunna alkoholbruk dagen før.

Samtidig seier éin av ti at dei har vore bekymra over at eige alkoholforbruk skal gå utover jobb eller studium, og éin av fem at dei har venta ein ekstra dag før dei kunne jobbe eller studere effektivt etter at dei har drukke.

– Må setjast på kartet

– Denne undersøkinga viser at mange studentar framleis slit med ein alkoholkultur prega av drikkepress og at dei drikk så mykje alkohol at det går utover studium og jobb dagen etterpå. Det er noko vi må sette på kartet for å kunne gjere noko med, seier Elisabeth Hunter, fungerande administrerande direktør i Vinmonopolet.

Ho understrekar at studentar flest har gode alkoholvanar.

– Likevel blir vi bekymra over funna i undersøkinga. Eg trur mange studentar bør vere bevisst og jobbe med haldningane som gjer at mange droppar jobb og skule på grunn av alkohol, seier Hunter.

Nyte utan å bli så full

Direktøren seier at studentar sjølvsagt framleis kjem til å drikke alkohol.

– Det er mange gode måtar å nyte det på utan å bli så full. Det burde ikkje vere normalt blant studentar å bli overstadig rusa når ein til dømes deltar på ein student-quiz ein onsdagskveld, seier Hunter.

Vinmonopolet ønsker i samband med studiestarten å komme i dialog med studentar om drikkevanar.

– Butikkane våre på studiestadene vil ha ein eigen brosjyre retta mot studentar, der vi kjem med råd om korleis ein stiller seg til alkohol. Vi håper òg at studentane vil snakke med våre tilsette viss dei lurer på noko om alkohol, seier den administrerande direktøren.

Undersøkinga er gjennomført av Kantar/Norsk Gallup webpanel. Ho omfattar personar i alderen 18–35 år som skal studere, er undervegs i studia eller er nettopp ferdig. Talet på respondentar er 328. (©NPK)

KOMMENTAR: Faddervekefrustrert: «Eg har kjent meg både pressa og stressa og utanfor i løpet av veka. Og eg trur mange gjer det.»

Fadderveke og alkohol. Illustrasjonsfoto: Colourbox