Cannabis: Fleire yngre brukarar, sterkare dop og fleire til behandling

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ifølgje Europeisk narkotikarapport 2019 er cannabis no det stoffet som oftast blir oppgitt av nye klientar eller pasientar som hovudårsaka til at dei søkjer hjelp.

– Dette er urovekkjande då cannabistrendane for det meste har vore stabile dei siste åra, heiter det i rapporten frå EUs narkotikabyrå (EMCDDA).

Les også: Canada legaliserer cannabis for 19-åringar

Fleire menn enn kvinner

Tala viser at 18 prosent i alderen 15 til 24 år har brukt cannabis det siste året. 9,3 prosent i same aldersgruppe har brukt cannabis den siste månaden.

Det er om lag dobbelt så mange menn som kvinner blant cannabisbrukarane, uansett aldersgrupper.

Rapporten peikar på at samstundes som ein no har auka forståing for den potensielle helserisikoen cannabisbruk utgjer særleg for dei unge, aukar bruken nettopp i den gruppa, blir det peika på i rapporten.

Det er òg ting som tyder på at yngre vaksne, i aldersgruppa 15 til 24 år, ikkje trur cannabisbruk er så farleg.

Les også: Cannabis meir skadeleg for tenåringshjernen enn alkohol

Lågare i Noreg

Ifølgje Ola Røed Bilgrei ved Folkehelseinstituttet, som er det norske kontaktpunktet for EMCDDA, er delen cannabisbrukarar blant unge lågare i Noreg enn i mange land i Europa.

– Data frå den europeiske skuleundersøkinga (ESPAD) viser at delen ungdom i alderen 15 til 16 år som forbind cannabisbruk med «stor risiko», har gått ned sidan tusenårsskiftet. Dette gjeld særleg for regelmessig bruk av cannabis, men også for bruk av og til. Dersom ein legg desse dataa til grunn, har det vore ei gradvis oppmjuking i synet på cannabis blant skuleelevar i Noreg, seier Bilgrei til NTB.

I 2017 starta 989 personar rusbehandling i spesialisthelsetenesta i Noreg for problem knytt til cannabisbruk.

– Sjølv om opioidebrukarar utgjer den største delen av pasientar i tverrfagleg spesialisert rusbehandling, ser vi at cannabisbrukarar utgjer ein aukande del av dei som startar slik behandling, seier han.

Les også: Cannabis i kokkeshow skapar reaksjonar

Mange hypotesar

Totalt i Europa vart 155.000 menneske i Europa innlagt til narkotikabehandling for problem knytt til bruk av cannabis i 2017.

– Det kan vere fleire forklaringar på denne auken. Ein hypotese er at det er mindre stigma knytt til å søke behandling for eit rusmiddelproblem, slik at fleire søkjer seg til behandling. Ein annan hypotese er at det generelt er eit større fokus på behandling av cannabisproblem i samfunnet og at det no eksisterer eit reelt tilbod til dei som erfarer eit slikt problem, seier Bilgrei.

Lågare terskel kan altså vere årsaka, ikkje nødvendigvis at veldig mange fleire har problem enn før.

– Ein tredje hypotese kan vere ulike grader av press eller tvang frå personar rundt dei som søkjer behandling. Elles i Europa har det i enkelte land vore praksis å tvinge folk i straffesystemet til å søke behandling. Slik er det ikkje i Noreg. Likevel veit vi at majoriteten av dei som startar eit behandlingsløp i tverrfagleg spesialisert rusbehandling for cannabisproblem i Noreg, er unge. Majoriteten er unge menn i byrjinga av tjueåra, seier Bilgrei.

Den siste hypotesen er knytt til observasjonar av auke i styrkegrada i europeiske cannabisbeslag.

– Det kan eventuelt føre til at fleire erfarer problem, seier Bilgrei.