Bli med dit verda smeltar

Andrea Øien Sæverud
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bli med dit verda smeltar

Fem kineserar sit i eit boblebad på dekk sju. Dei røykjer, syng og ler. Dei er på cruise, på veg til kaldare strøk. Ei hurtigrute skal ta dei med frå Tromsø til Svalbard.

Om bord er også forfattar og journalist Sigri Sandberg Meløy (36). Ho skal på klimacruise, saman med ein haug med forskarar og politikarar. Dei skal speide etter isbjørnar, og sjå om dei kan sjå at Nordpolen smeltar.

Men Sigri har eit tilleggsoppdrag. Ho skal skrive bok om tomt snakk, fine ord og forvirrande fakta, altså, bok om den forvirrande klimadebatten.

Reise på tre plan

Det heile starta med at Sigri Sandberg Meløy kjende seg så forvirra av alt klimasnakket.

– Den eine dagen fekk vi høyre at det ar full krise, den neste dagen at alt berre var oppspinn.

Sigri ville finne ut kva som låg bak alt snakket, ho var nyfiken på kva som eigentleg er i ferd med å skje med kloden vår. Det blei det bok av. ”Klimaboka. På cruise dit verda smeltar” kom ut på Samlaget i haust, og er ei debattbok spesielt retta mot unge.

– Boka er ei reise i alt klimasnakket, ei reise frå det å ikkje vite til å vite, og om reisa frå Tromsø til Svalbard, ifølgje klimacruisaren sjølv.

I boka stiller ho dei spørsmåla som mange ønskjer svar på, og til slutt utfordrar ho også politikarane Siv Jensen, Jens Stoltenberg og Erik Solheim på kva dei har å seie til ungdommen om miljøframtida

LES MEIR: – Stoltenberg er ein klimatrussel

Treig alarm

– Nordmenn forstår ikkje klimaendringane slik som ein jeger på Grønland eller ein bonde frå Maldivane fordi vi er så heldige eller uheldige at vi ikkje har følt det på kroppen enno, seier polarinstitutt-sjef Jan-Gunnar Winther i boka til Sigri Sandberg Meløy. Ho er einig.

– Vi er ekstremt opptekne av korleis vi har det her og no. Klimatrusselen kjem så sakte at den derfor ikkje triggar alarmsentralen i oss, forklarer forfattaren.

LES MEIR: – Noreg ubudd på villare vêr

Ho fryktar samtidig at mange blir lei eller dett av debatten slik den blir framstilt i media.

– Det er gjort mange feil i formidlinga, både av forskarar og av media. I tillegg les mange berre for å stadfeste sitt eige verdsbilete. På nettet kan du også finne støtte for omtrent eit kvart argument, utan at informasjonen er kvalitetssikra, seier ho.

Klimadeppa

I boka møter vi Tom frå eit tysk tv-team som også er på klimacruise. Han har brun skinnjakke og kule solbriller, og står på dekk og speidar etter klimaendringar, utan hell. For sjølv om polane smeltar og havet stig, så er ikkje det så lett merke denne klimatrugselen. Sigri håpar derfor at boka kan vere både ein augeopnar og ein snarveg til å setje seg inn i det som skjer

– Eg prøver å dissekere klimasnakket. Likevel er det viktig at kvar og ein finn sin eigen veg inn i debatten. Les FN sine rapportar, kom med forslag, støtt politikarar  upopulære avgjersler, oppmodar ho og understrekar vidare:

– Vi kan ikkje ha dårleg samvit for at vi lever. Politikarar og styresmakter må bli einige om vi skal greie å kome oss vidare, men folk har likevel eit ansvar for  setje seg inn i det som skjer.

LES MEIR: – Kan ikkje utsetja ansvaret for klimaet

Men å ta eit djupdykk ned i klimadebatten er ikkje heilt ufarleg. Sigri Sandberg Meløy innrømmer at ho på ein fase i skrivinga blei skikkeleg klimadeppa. Men fire ungdommar på Svalbard, som også bidreg i boka, fekk henne på lysare tankar.

– Det er så store spørsmål at ein kan bli heilt matt. Men når ein ser kor mykje bra tankar og kraft det er i ungdom, så blir ein likevel optimistisk.

Til dei som står i fare for å bli deprimerte på klimaet sine vegner, har ho følgjande råd:

– Prøv å gjer det du sjølv kan, sjølv om det er ein klisjé så kan du vere den endringa som trengst. Finn eit område der du faktisk kan gjere noko, anten det er å skrive brev til politikarane eller å starte ei gjenbruksverksemd. Slike ting kan ta brodden av depresjonen.

– Ver ueinig

Sigri Sandberg Meløy har likevel ikkje skrive ei bok som berre skal vere koseleg og optimistisk på vegner av klimaet.

– Eg prøvar å røske litt når eg skriv, vedgår ho.

Og røske gjer ho når ho mellom anna stiller spørsmål ved om det eigentleg er så farleg om isbjørnane forsvinn. For Sigri Sandberg Meløy vil setje tankar i sving og dersom ho klarer å provosere nokon er det berre ein bonus.

– Folk må gjerne bli provoserte. Eg er open om at boka er ekstremt subjektiv, så gjerne ver ueinig!

LES SISTE NYTT OM KLIMAKAMPEN HER

Kva meiner du vi kan gjere for å møte klimautfordringane? Kommenter!