Bokmelding: Ingenting blir som før – Tynn politisk suppe
Gaute Børstad Skjervø er korkje ein stor tenkjar eller briljant forfattar, men ein stødig sosialdemokrat.

AUF-leiar Gaute Børstad Skjervø debuterer som forfattar med boka Ingenting blir som før. Her teiknar han opp eit bilete av det som han meiner er den viktigaste politiske oppgåva i vår tid – kampen mot fascismen.
Resultatet er i beste fall halvvegs vellukka.
Eg slit med å forstå kva Skjervø ynskjer å seia – og om han eigentleg veit det sjølv.
«Ingenting blir som før»
Tittel: Ingenting blir som før: En generasjonsfortelling
Forfattar: Gaute Børstad Skjervø
Forlag: Cappelen Damm
Sjanger: Sakprosa
Ein dyktig forteljar
Ingenting blir som før tek form som ein straum av diverse betraktningar forfattaren har om politikk og samtida. Det er vanskeleg å få auge på den raude tråden.
Mest plass vier Skjervø til å skildra trugselen frå ytre høgre, men han er ikkje redd for å servera digresjonar. Me får høyra kva Skjervø meiner om mellom anna TikTok og mannsrolla.
Boka er også eit krasjkurs i korleis norske sosialdemokratar ser på seg sjølve. Skjervø er fink til å trekkja linjer mellom dagens AUF og gamle heltar som Tranmæl og Gerhardsen.
Forfattaren sin føretrekte metode for å underbyggja eit poeng er å fortelja noko frå sitt eige liv. Det å skapa attkjenning hjå lesaren er eit effektivt retorisk verkemiddel, og Skjervø framstår som ein særs jordnær type.
Skildringane frå då Skjervø overlevde terroråtaket 22. juli 2011 er i sin natur sterke og hjarteskjerande. Men han skriv også godt om kvardagsliv, venskap og kjærleik.
Dei personlege anekdotane er bokas sterke side. Skjervø er ein dyktig forteljar.
Dei politiske analysane hans er derimot ei tynn suppe.
Slår inn opne dører
Det politiske bodskapet som Skjervø framfører er uklart og tafatt.
Han skriv med stor patos, men slår stort sett inn opne dører. Boka er like grensesprengjande og progressiv som ein leiarartikkel i Aftenposten. Motstand mot det som Skjervø kallar fascisme – som mellom anna rommar ideologien bak 22. juli-terroren, Trump sine åtak på demokratiet og Putin sin imperialisme – er heilt ukontroversielt.
Det er lite i boka som eg ikkje har lese før i ørten aviskronikkar dei siste par åra.
Til dømes kritiserer Skjervø dei såkalla 89-arane, altså vaksengenerasjonen som trudde dei levde i «the end of history» og difor har vore naive i møte med trugslar mot demokratiet og faren for krig. Det same poenget har Ola Svenneby frå Unge Høgre proklamert i over tre år, og eksstatsråd Torbjørn Røe Isaksen har skrive ei bok om dette.
Skjervø siterer Arbeidarparti-legenda Christian Holtermann Knudsen på at «AUF må alltid befinne seg et hestehode foran den øvrige arbeiderbevegelsen». Dessverre verkar den noverande AUF-leiaren å repetera det som den kompakte majoriteten allereie meiner, heller enn å utvikla ny politikk.
Ufokusert
Det verkar ikkje som Skjervø har hatt ein tydeleg plan under arbeidet med boka. Framdrifta i boka har ikkje noka tydeleg retning, og det er vanskeleg å sjå korleis dei ulike delane av boka heng saman. Resultatet har blitt ein ufokusert godt-og-blanda-pose.
Forlaget bør også bli kritisert for å ikkje ha bidratt med betre ryddehjelp. Bokmanuset er dårleg redigert. Det finst noko gull her, men det skin dårleg i ein kaotisk tekst. Eg trur ikkje at boka i si noverande form hadde sloppe gjennom nålauget viss Skjervø ikkje allereie var ein offentleg person.
Det er også mykje synsing. Påstandane og synspunkta som Skjervø kjem med blir sjeldan støtta opp med eit ordentleg argument, men berre illustrert med anekdotar.
Mange avsnitt i boka ville nok funka framifrå som appellar på eit medlemsmøte i AUF, men stabla saman i ei over 200 sider lang bok, blir det eit langtekkjeleg mas. Det er altfor lite substans.
Burde ha lytta meir til Lasse
Eit stykke ut i boka fortel Skjervø om samtalar han har hatt med den 50 år eldre sosialdemokraten Lasse Seim. Lasse seier til Gaute at dei «kan enes om at fascisme må nedkjempes og at rasisme er et onde. Men å være sosialdemokrat betyr ikke å gå til valg mot de andre. Det betyr å kjempe for det samfunnet Arbeiderpartiet representerer».
Det er eit råd som Skjervø burde ha lytta meir til. Boka hans gjev ingen svar på kva han eigentleg vil skapa.
Som AUF-leiar har Skjervø mykje makt, og det hadde vore interessant å veta kva han vil bruka ho til.