Landslagskeeperen vil inspirere unge med ny bok

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Målmannen Ørjan

– Eg håper mange kan få nytte av boka, alt frå yngre til eldre keeperar, keepertrenarar, fotballtrenarar, foreldre, barn og ungdom. Enkelt og greitt dei aller fleste, seier Nyland til Nynorsk pressekontor.

Den 25 år gamle keeperen frå Volda på Sunnmøre er nettopp i gang med sin andre sesong i den tyske klubben Ingolstadt. I tillegg til å vere førstekeeper i Bundesligaen og førstevalet til Per-Mathias Høgmo på det norske landslaget, har Ørjan dei siste to åra jobba med ei bok.

– Eg blei ringt opp for om lag to år sidan medan eg var på ferie med spørsmål om eg kunne tenkje meg å vere med på eit bokprosjekt. På denne tida hadde eg nettopp vunne mitt andre cupgull og blitt førstekeeper på landslaget, fortel 25-åringen.

LES OGSÅ: Færre bryr seg om fotball

Illustrerande keeperteknisk
Etter litt fram og tilbake bestemte Nyland seg for å bli med på bokprosjektet. I samråd med Samlaget møtte landslagskeeperen medforfattar Eirik Ingebrigtsen.

– Vi hadde ein runde på kva forfattar vi såg for oss kunne skrive denne boka. Etter eit møte med Eirik fekk eg ei god kjensle på at dette samarbeidet kunne bli bra, seier Nyland.

I boka, som blir lansert 2. september, delar Ørjan dei beste tipsa og triksa for å bli ein god keeper – rikt illustrert med bilde som viser ulike øvingar og treningsmetodar.

– Dette skal vere ei bok som er illustrerande keeperteknisk. Men det skal også vere ei bok krydra med historier frå min barndom og mi karriere, i tillegg til informasjon om korleis ein tenkjer som keeper og idrettsutøvar, seier Nyland.

 
NM-fotball, cupfinale, Tromsø – Hødd. Hødd-keeper Ørjan Håskjold Nyland løftar kongepokalen etter sigeren i cupfinalen i fotball for menn mellom Tromsø og Hødd på Ullevaal stadion i Oslo. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix / Nynorsk pressekontor 

– Enorm vilje til å bli best
Den 25 år gamle fotballproffen starta fotballdagane på Mork i Volda, før vegen gjekk gjennom Volda til 1.-divisjonsklubben Hødd i Ulsteinvik. I boka skriv Ørjan om første møtet med Hødd i 11-12-årsalderen gjennom ein keeperskule med A-lagskeeperar og keepertrenar.

– Det var ei utruleg kjekk oppleving for meg, og det gav meirsmak. I etterkant av denne keeperskulen var eg også så heldig å få byrje å trene med keepertrenaren til Hødd, Ronny Osnes, skriv Ørjan i boka, følgt av rosande skotsmål til Osnes.

Den unge keeperen pendla minst éin gong i veka for å trene med Osnes, før han seinare fekk same keepertrenar då han melde overgang til Hødd. I dag er Nyland den kanskje beste keeperen i Noreg, noko Osnes ikkje er overraska over.

– Det som gjer Ørjan til ein så god keeper som han er, er mentaliteten og ein enorm vilje til å bli best. Han er rå på detaljar, er teknisk god og har perfekt fysikk for å vere keeper. I tillegg er han god på alle delane av keeperferdigheiter: feltarbeid, skotstopping og igangsetjing frå hand og fot, seier Osnes, som i dag er keepertrenar i Hødd og i det norske landslagssystemet.

– Og så har han den utstrålinga som seier deg at «han der er god», legg Osnes til.

LES OGSÅ: I fotballen skal «menn vera menn». Det biletet er i endring.

Mental trening
Enorm konsentrasjon og god mental trening får delar av æra for utstrålinga keepertrenaren til Nyland gjennom åtte år omtalar. I boka er mental trening via god plass.

– Boka er først og fremst grunnleggjande keeperteknikk på alle dei ulike områda som vi keeperar må meistre, men det er også om korleis det mentale verkar inn på prestasjonar og kor viktig dette punktet er for utvikling, seier Nyland til Nynorsk pressekontor.

I augneblinken er 25-åringen oppteken med landskampar mot Kviterussland og Tyskland, men han ofrar nokre tankar til boklanseringa i tillegg.

– Vi som har jobba med boka har vore gjennom fleire rundar og har enda med eit produkt vi er godt nøgde med. No blir det ei veldig spennande tid framover og eg er utruleg spent på korleis boka vil bli tatt imot, avsluttar keeperproffen og bokdebutanten. (©NPK)


Norge-keeper Ørjan Håskjold Nyland under privatlandskampen i fotball mellom Noreg og Finland på Ullevaal stadion. Noreg vann kampen 2– 0. Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

Faktaboks

 Ørjan Håskjold Nyland (fødd 1990)

Frå Volda i Møre og Romsdal

Høgd: 193 cm

Klubb: FC Ingolstadt (Tyskland)

Tidlegare: Mork IL, Volda, Hødd, Molde

Debuterte på landslaget i 2013