Bokdebutant vann Brageprisen: – Tek ungdoms livsverd på det største alvor

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Draumar betyr ingenting viser stor innsikt i korleis sorga kan opplevast som einsam fordi livet for andre går vidare – men for den som sørger, får alt ein annen farge. Romanen er likevel forunderleg lett å lese.

Det skriv juryen som torsdag tildelte Ane Barmen Brageprisen 2019 for beste barne- og ungdomsbok i si grunngjeving.

Vågsøyværingen var nominert saman med Fugleguten av Rune Belsvik, Blå flaggermus av Harald Nortun, og Buffy By er talentfull av Ingeborg Arvola og Nora Brech (ill.).

Tek ungdom på alvor

Vinnarromanen handlar om 17-årige Louise som til vanleg bur på hybel i Ålesund, men reiser tilbake til heimbygda i ferien og får seg sommarjobb på sjukeheimen. Hovudkarakteren freistar å handtere ungdomskvardagen, samstundes som ho ber på saknet etter kameraten Tormod, som døydde året før.

Då Framtida.no intervjua Ane Barmen i oktober fortalde forfattardebutanten at det var tilfredsstillande, beroligande og skummelt at Draumar betyr ingenting no var ute i butikkane:

– Eg har avtalt med mannen min at dersom det vert meldingar av boka, så skal han lese dei først og eventuelt gje meg beskjed – OBS, her vert det slakt – slik at eg kan stålsetje meg, sa vågsøyværingen.

Frå juryen bak Brageprisen vankar det derimot mange lovord. Dei rosar boka for «eit språkleg driv og ein vellukka komposisjon».

– Dialogen mellom personane er naturleg og uanstrengt, og dei fine nyansane mellom liv og død, alvor og lettheit, vennskap og kjærleik, tek ungdoms livsverd på det største alvor, skriv juryen.

Draumar betyr ingenting er debutromanen til Ane Barmen. Foto: Bente Kjøllesdal

Heidersprisvinnar med omsorg for karakterane

Det var ikkje berre debutanten som vart gjort ære på, då Brageprisen 2019 vart delt ut på Dansens hus i Oslo torsdag.

Kveldens gjevaste pris gjekk til nynorskforfattaren Edvard Hoem, som kunne hente heim Heidersprisen 2019.

Forfattar Edvard Hoem vart heidra under Brageprisen 2019. Foto: Paal Audestad, Forlaget Oktober

I si grunngjeving skriv juryen at Hoem har «ei eiga evne til å skildre gleda og slitet i all slags arbeid», samt til å «utforske sosiale klassar og vise nyansane i ulike menneskeliv».

– Heidersprisvinnaren har ei heilt eiga omsorg for karakterane sine, og han lar dei aldri stå fram som berre det eine eller det andre, skriv juryen og poengterer at Hoem gjev ei stemme til dei som ikkje har det.

Edvard Hoem får ros for å ha rokke over mykje, og ha ein imponerande produksjon bak seg. Juryen trekker fram virke hans både som romanforfattar, dramatikar og diktar.