Meir sex, drap og vald i ungdomsbøker: – Jo verre, jo betre

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Jo verre, jo betre, seier forfattar Anne Audhild Solberg.

Ho har skrive Superbitch-bøkene og grøssaren Den svartkledde jenta. Forfattaren frå Sauland meiner handlinga kan vera drøy, og er ikkje redd for å skriva om sex, død og vald i ungdomsbøker.

– Kor mykje vald, blod og drap er greitt å ta med i ei bok for barn og ungdom?

– Eg tenkjer at alt det der er greitt.

Uprisen.no er det over 140 ungdommar som har skrive bokmeldingar om Den svartkledde jenta. Mange skriv at boka er spennande, men ingen reagerer på at den er for spennande eller brutal. Fleire gir boka skryt for å ta opp viktige tema å snakka om, som valdtekt og om å ta eigne val.

Frå venstre: Bjarte Bakken i Foreningen !les, A. Audhild Solberg og Brynjulf Jung Tjønn. Foto: Svein Olav B. Langåker

– Ikkje drøyare enn det unge får med seg andre stader

På Falturiltuseminaret 7. november var brutaliseringa av ungdomsbøkene tema, og prosjektansvarleg i Foreningen !les, Bjarte Bakken, leia samtalen.

– Då eg byrja i bransjen for kring 20 år sidan, såg eg på Samlaget som litt introverte og med rolege antydningar i bøkene, men no er det full pinne, seier han.

I år kjem Samlaget med sju ungdomsbøker. Mellom desse finn ein grøssaren til Solberg, grøssaren Mareritt av Linn T. Sunne, OMG av Ingelin Røssland og thrilleren Isla Bonita av Terje Torkildsen der 16-åringen Carlos frå Haugesund blir vitne til narkokriminalitet, død og skytedrama.

Brynjuld Jung Tjønn er einig i at det har blitt meir action i dei nynorske ungdomsbøkene. Foto: Svein Olav B. Langåker

Brynjulf Jung Tjønn er forlagsredaktør i Samlaget med ansvar for barne- og ungdomsbøker, og stadfestar at det har blitt meir action.

– Grunnen er at Samlaget har ein veldig sterk forfattarstand som skriv spenning og fantasy. Sterke forfattarar som skriv denne typen bøker, seier redaktøren.

– Når Samlaget i tillegg starta Grøss & Gru-serien for to år sidan, så blir det sånn, legg han til.

Han understrekar at det likevel ikkje er noko drøyare enn det mange ser på film, tv-seriar eller dataspel.

– Gutar og jenter speler Fortnite frå dei er ni år. Dei får mange inntrykk, og då er det naturleg at bøkene speglar att det.

Håp eller ikkje håp?

Forfattar Anne Audhild Solberg synest det er viktigare med håp i barnelitteraturen enn ungdomslitteraturen.

– Viss det ikkje er håp i ei ungdomsbok, så er det brutalt – kanskje for brutalt for mange. Men viss slutten har eit håp, så tenkjer eg det ikkje er for brutalt. Då kan mange typar ungdom lesa boka.

Lydighetsprøven av Bjørn Ingvaldsen er den mest brutale ungdomsboka Anne Audhild Solberg har lese.

– Eg merkar sjølv som vaksenlesar at eg treng håpet. Ikkje at det treng vera ei happy-ending heile tida, men at ikkje alt er dystert.

Den mest brutale ungdomsboka ho har lese er Lydighetsprøven av Bjørn Ingvaldsen.

– Den synest eg er brutal på grunn av mangelen på håp.

Få siste nytt om bøker: Meld deg på nyhendebrevet vårt!

Må spegla røyndomen

Tjønn meiner det er viktig at ungdomslitteraturen speglar røyndomen.

– Det er utruleg viktig at den òg speglar det som er vondt. Det finst ungdommar som opplever ting sjølv, eller som veit at vennene deira opplever dette, seier han.

Då han vaks opp i den vesle bygda Feios i Sogn, var han den einaste han visste om som var adoptert.

– Eg trudde eg var den einaste i verda som var annleis. Hadde eg visst om ungdomsbøker som handla om å vera annleis og ha dei interessene som eg hadde, så hadde det hjelpt meg veldig. Litteraturen er veldig viktig for å visa at det finst andre ting i verda enn berre det som er fint.

Tjønn er sjølv ein prisløna ungdomsbokforfattar. Nyleg vart boka hans Smadra, som handlar om ei mor som slår, kåra til ei av dei beste ungdomsbøkene på nynorsk sida år 2000. Kåringa var eit samarbeid mellom Framtida, Nynorsksenteret og Pirion.

– Eg har ikkje fått nokon negative tilbakemeldingar frå nokon, seier Tjønn, men forfattaren har fått tilbakemeldingar av barn og unge som kjenner seg igjen og at elevar har fått hjelp etter dei har lese utdrag frå boka i skulen.

Den prislønna forfattaren Brynjulf Jung Tjønn er aktuell med ei ny bok for ungdom. Arkivfoto: Andrea Rygg Nøttveit og bokframside innfelt.