Changemaker vil gi klimaflyktningar klimapass

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Berre i 2018 går ein ut ifrå at i overkant av 16 millionar menneske blei internt fordrivne, som følgje av vêrrelaterte katastrofar.

I framtida er det grunn til at det blir fleire som vert tvungne til flukt, i takt med at klimakrisa utviklar seg.

Nytt internasjonalt system for klimafordrivne

Ein ny rapport frå Changemaker føreslår eit heilt nytt, internasjonalt system for klimafordrivne, mellom anna klimapass etter modell frå Nansen-passet.

Rapporten er skriven av jurist Mina Haugen på oppdrag frå Changemaker hausten 2019, og føreslår:

  • Tiltak frå det internasjonale samfunnet for å gi klimafordrivne eit reelt vern for menneskerettane deira.
  • Ei løysing med klimapass etter modell frå Nansen-passet
  • At Noreg anerkjenner sitt delansvar for klimafordrivne sin situasjon og tek ei leiande rolle i det internasjonale arbeidet for å gi klimafordrivne eit reelt menneskerettsleg vern

Klimafordrivne utan vern for menneskerettane sine

Målet er at rapporten skal vera eit steg mot å skape merksemd og ein breiare debatt om stoda for klimafordrivne.

I rapporten skriv Haugen dette om ordet «klimafordrivne»:

«personar eller grupper som, for overtydande grunnar knytt til brå eller gradvise endringar i miljøet som følgje av klimaendringar som i stor grad påverkar levekåra deira, er tvungne eller vel å forlate bustaden sin, på permanent eller mellombels basis, og som anten oppheld seg i eige land eller i utlandet».

I rapporten skriv ho at det blir stadig klarare at klimaendringane har alvorlege konsekvensar for menneske i utviklingsland.

– Som følgje av fleire naturkatastrofar og gradvise miljøendringar blir stadig fleire menneske tvungne til å flykte. Desse menneska, dei klimafordrivne, står per dags dato utan reelt vern for menneskerettane sine.

Meiner du noko om denne saka eller andre saker? Send oss eit meiningsinnlegg: tips@framtida.no!