Danske Mikkel (19) sveltestreikar for klimaet

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Politikarane har i all for lang tid nekta å ta klimakatastrofa seriøst. Mitt tolmod er brukt opp, seier danske Mikkel Brix i ein Facebookvideoen.

19-åringen delte tysdag videoen der han annonserer at han startar ein sveltestreik for klimaet fram mot det danske folketingsvalet.

Facebookvideoen er allereie sett over 4600 gongar og omtalt av fleire danske medier.

Inspirert av Greta

I morgon planlegg Brix å stille seg opp framfor Rådhuset i heimbyen Fredrikshavn for å skapa blest rundt saka.

Klimaaktivisten er inspirert av svenske Greta Thunberg sin skulestreik for klima. Hausten 2018 sette ho seg framfor den svenske riksdagen med ei klar oppmoding til svenske politikarar om å ta klimautfordringane på alvor.

Thunberg er ei av dei som har blitt merksam på sveltestreiken og har delt ein artikkel på Twitter:

– Eg ønskjer ein planet som lever i beste velgåande for deg, meg og framtidige generasjonar, seier dansken, som oppfordrar folk til å følgje streiken i sosiale medium og dele bodskapen, slik at han vert umogleg for danske politikarar å oversjå.

Brix er som Thunberg frustrert over at politikarane i heimlandet ikkje tek klimautfordringane på alvor.

Les også: Fritt Ord-vinnar Greta Thunberg ber norske politikarar ta klimagrep

Ikkje svolten, ikkje mett

Til Framtida.no skriv Mikkel Brix at det går overraskande godt etter tre dagar utan mat.

– Eg har det heilt fint, og føler meg ikkje spesielt svolten. Eg har ikkje merka den heilt store forskjellen. Eg føler meg sjølvsagt ikkje mett, men eg føler meg heller ikkje veldig svolten, skriv Brix.

Ifølgje nyheitsbyrået Ritzau har han førebudd seg på sveltestreiken med berre ete eitt måltid om dagen i to veker på førehand.

I tillegg har han lese seg opp på alvorlege symptom på svolt, som mellom anna er hovudpine, hårtap og i verste fall livsfare og død.

Les også: Greta Thunberg bad EU-politikarane om å «få klimapanikk»

Oppmodar ikkje andre til å svelte

Han vil ikkje risikera livet og har fått med seg ei venninne som vil vere med han 24 timar i døgnet for å sjå til om han svimar av eller vert sjuk og må avbryte.

Brix understrekar ovanfor Framtida.no at han ikkje oppmodar folk om å følgje i hans fotspor og sveltestreike, sidan det kan vere farleg. Han oppmodar heller danskar til å visa at dei er misnøgde med klimapolitikken.

– Politikarane våre pratar om klima og kor ambisiøse dei er kring temaet, men det er ikkje noko handling bak orda. Eg har ikkje bruk for klimadebatt, men klimahandling.

Mikkel Brix har tidlegare fått mediemerksemd for sitt engasjement kring matsvinn:

Baconglad miljøminister

19-åringen løftar mellom anna dansk matsvinn og at Danmark produserer 31 millionar svin årleg, trass i at kjøtproduksjon krev store mengder vatn og er noko av det som slepp ut aller mest CO2 og krev store mengder vatn.

– Sjølv Danmarks miljø- og matvareminister Jakob Ellemann-Jensen, ignorerer kjøttproduksjonens klimakonsekvensar, når han ikkje kan uttrykke med ord kor glad han er i bacon, seier Brix i videoen.

Aktivisten reagerer også på at me i ei tid der grøn energi er tilgjengeleg, stadig brenn tonnevis av fossile brennstoff.

– Politikarane gjer langt frå nok for å gjere dette uakseptabelt. Dei fossile brennstoffa er i jorda og der skal dei bli, slår han fast.

Les intervju med aktivistane i Extinction Rebellion, som vil gå i fengsel for klimaet:

– Mange ferske aktivistar går inn med ei oppfatning om at alle er så «tøffe» og «barske», og at må du bite tenna saman og takle alt for å vere ein god aktivist. Det stemmer ikkje, seier Johanne som har vore aktivist i snart tre år. Foto: Ida Johanne AadlandFoto: