Sveltestreikar for klima i 27 land: – Me har ikkje noko anna val

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– 820 millionar lid allereie av svolt og hunger verda over, medan milliardar står i risiko for svolt og død frå klimakrise og økologisk kollaps, skriv miljøorganisasjonen på sine heimesider.

Dei ynskjer å setje lys på kor sårbar mattilgangen vår er, og tvinga styresmakter til handling. Aktivistane peikar på vassmangel, flaumar, skogbrannar, tryggleiksfarar som trugar mattilførselen vår, saman med tørken og ekstremvêret som klimakrisa fører til.

– Ingen er trygge frå denne krisa. Det er på tide å handla, skriv dei.

Verdsomspennande streik

Miljøorganisasjonen melder at medlem frå heile verda deltek i sveltestreiken, deriblant frå Canada, Kongo, Frankrike, India, Polen, Nigeria, New Zealand, Nederland, Tyrkia og Australia.

– Dette er ei handling for å visa korleis millionar allereie lever gjennom helvetet som den jordlege krisa vår er. Rettferd for innvandrarar og urfolk må vera i sentrum i arbeidet med å få slutt på klimatisk og økologisk samanbrot, skriv Extinction Rebellion.

– Fullt klar over at eg eigentleg er for ung

Fleire enn 400 har meldt seg på sveltestreiken og det kjem nye påmeldingar fortløpande.

Ein kan streika i 24 timar, med eit måltid som bryt streiken før ein byrjar igjen, eller streika ei heil veke i strekk. Ingen under 18 år får vera med på ei heil vekes sveltestreik i eitt.

Den eldste er 83 år gamle La Pethick frå England. Den yngste 16 år gamle Christina Dithmar i Tyskland.

– Eg vil ikkje sveltestreika. Eg er fullt klar over risikoen det inneber, og at eg eigentleg er for ung til å gå gjennom ein full sveltestreik. Likevel ser eg ingen andre moglegheiter med tanke på kor me er på veg. Eg vil ikkje liggje gråtande i senga mi og føla meg hjelpelaus og ikkje teken på alvor, seier Dithmar ifølgje aktivistgruppa.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Global Hunger Strike Stockholm Day 2 SECOND PICTURE In what way do privilege play a role in the crisis? The answer is: in EVERY way. When I say that marginalised groups will be hit first, most and the hardest, this is what I mean. This is how privilege works. A ladder, with the least privileged/the most exploited at the bottom, and the most privileged, the exploiters, at the top. As the oceans are (literally) rising, and the climate and ecological catastrophe becomes more and more vast and vicious, those at the bottom of the ladder are the ones who will have to suffer most. Even though they are the ones that have contributed least to create this disaster. . . . #globalhungerstrike #climatehungerstrike #extinctionrebellion #hungerstrike #hungerstrikeforclimate #rebel4life #rebellion #nonviolence #peacefulrebellion #aspergers #aspergerssyndrome #civildisobedience #ecoanxiety #green

Et innlegg delt av ????? ???é? (@sofiaaboren)

– Me har ikkje noko anna val

Det er Giovanni Tamacas (20) i USA som har teke initiativ til den globale sveltestreiken. Mor hans er frå Vietnam og faren frå El Salvador. Familien hans kjenner allereie på øydeleggingane frå klimakrisa.

– Me sveltestreikar fordi me ikkje har noko anna val. Me blir førte inn i døden. Grådige styresmakter og bedrifter har på kriminelt og katastrofalt vis mislukkast i å takla klimakrisa og den økologiske krisa. Våre kortsynte styresmakter er for systematisk korrupte til å stoppe massesvolt, samfunnskollaps og døden til milliardar av menneske, seier han.

På sidene skriv organisasjonen vidare at dette er eit slags siste forsøk, etter meir enn tretti år med forsøk på å hindra krisa gjennom underskriftskampanjar, protestar og kampanjar.

Extinction Rebellion er ei klimaaktivistgruppe som ofte brukar sivil ulydigheit som verkemiddel.

I Noreg vart ti personar vart pågripne og politimelde då dei blokkerte inngangen til Klima- og miljødepartementet. 

29. november og 6. desember er det planlagt nye globale, klimastreikar som me allereie har sett mange av i år.

Danske Mikkel Brix meiner Greta Thunberg er eit førebilete i klimadebatten. Foto: Mikkel_brix, Instagram