Øya-aktuelle Kneecap kritisert for pro-Palestinsk Coachella-show

Sharon Osbourne ber folk oppmoda til inndraging av arbeidsvisumet til dei irske rapparane.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Me meiner me har eit ansvar for å bruka plattforma vår når me kan for å løfta Palestina-saka og det var viktig for oss å heva stemma på Coachella sidan USA er hovudsponsor og våpenleverandør til Israel medan dei gjer folkemord i Gaza, skriv Mo Chara i bandet Kneecap på e-post til musikkmagasinet Rolling Stone.

Politisk sceneshow

Førre fredag stod dei irske rapparane bak suksessfilmen med same namn som bandet for andre gong på scenen under den amerikanske musikkfestivalen Coachella i Coloradoørkenen.

Kneecap har eit sterkt engasjement for irsk sjølvstende og Palesina-saka.

Under første konserten skal rapparane ifølgje BBC fått kritikk for anti-Margaret Thatcher-rop som vart kutta frå livestraumen på Youtube, saman med rop for eit sameint Irland.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av SceneNoise (@scenenoise)


Opptaket er frå den andre av to konsertar bandet heldt på den to helger lange Coachella-festivalen.

– Om du ikkje kallar det eit folkemord. Kva faen kallar du det? ropte bandet frå scena.

Sharon Osboure reagerer

Publikum vart med bandet og ropte «Free, free Palestine», men ikkje alle sette pris på bodskapet.

Realitykjendis Sharon Osbourne har skrive eit langt innlegg på Instagram, der ho er kritisk til at Kneecap har fått lov å opptre med bodskapen sin på Coachella. Ho oppmodar publikum til å bli med å jobba for at bandet får inndrege sitt amerikanske arbeidsvisum.

– Handlingane inkluderte framsyning av anti-Israel bodskap og hatefulle ytringar, og dette viser opent støtte til terrororganisasjonar, skriv ho på det sosiale mediet.

Under deira andre konsert hadde bandet scenebilete med tekstane:

«Israel is committing genocide against the Palestinian people.», «It is being enabled by the U.S. government who arm and fund Israel despite their war crimes.» og «Fuck Israel. Free Palestine.»

– Viktig at unge amerikanarar høyrer det

Ifølgje Mo Chara bryt publikum ut i «Free Palestine»-rop på alle konsertane deira, frå Spania til Skottland og Irland til Island.

– Som eg sa frå scena: «Den amerikanske regjeringa kunne stoppa folkemordet no». Det er viktig at unge amerikanarar høyrer og veit det, skriv Mo Chara til Rolling Stone.

Bandet har hatt fleire konsertar i USA denne månaden og skal opptre på fleire europeiske festivalar i sommar, mellom anna norske Øya i august.

I oktober skal dei tilbake til USA for ein stor turné.

BBC har vore i kontakt med amerikanske myndigheiter, som ikkje vil kommentera visum-situasjonen

Naoise rotar seg opp i trøbbel i fiksjonsfilmen Kneecap, der hovudrollene speler seg sjølv.