Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Astrid_S: World Tour Part One» har signert under på FN sitt «Climate Neutral Now»-program og blitt sertifisert og godkjent av FN på dette.

Det har ho gjort gjennom eit samarbeid med organiasjonen Chooose, der ho har fått hjelp til å måle og redusere klimagassutslepp og kompenserer for dei utlseppa ein ikkje kjem unna. Det gjer ho ved å betala ei slags klimakvote som er godkjend av FN.

Det er Chooose som sjølv skriv dette i ei pressemelding på sine sider.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Astrid S (@astridsofficial)

Klimakvoter kompenserer for utslepp

Denne klimakvota betalar ho gjennom å støtte eit FN-godkjent vindparkprosjekt i Vietnam som har som mål å få ned C02-utslepp. Parken vil erstatta olje og kol med fornybar energi, og samstundes gi lokalbefolkinga betre tilhøve.

Ifølgje Dagbladet er det vanskeleg å sei om slike kvoter faktisk «slettar» utsleppa fordi ein bidreg til fornybare prosjekt som treng kvotepengar, eller om desse prosjekta uansett ville ha blitt sett i live eller ikkje står i fare for å bli nedlagt.

Bygginga av vindparken i Vietnamn starta opp i 2011, og parken oppfyller krava frå «CDM Gold standard» som mellom anna sikrar fleire av berekraftsmåla til FN.

– Om alle gjer litt, blir det plutseleg mykje

I pressemeldinga frå Choose seier Astrid S at samarbeidet er ein måte for ho å ta ansvar for turnéen sin på, og skapa ein positiv effekt ved å gjera det ho elskar.

– Å bry seg om miljøet og generasjonane som kjem etter oss, bør vera kjerna i kvar og ein av oss. Ingen er perfekte, men om alle gjer litt, blir det plutseleg mykje, seier Astrid S i pressemeldinga.

I mai var Astrid S også med Greta Thunberg på ein av Fridays for future-demonstrasjonane i Stockholm, og spelte for å støtte klimasaka.

Men Astrid S er ikkje åleine om å støtta klimasaka. Før Øya-festivalen i sommar signerte ei rekkje profilerte artistar på ein såkalla grøn rider, som innebar at dei stilte miljøkrav til konsert- og festivalarrangørar. 

Blant dei var mellom anna Unge Ferrari, Thea Hjelmeland, Pom Poko, Sondre Justad, Bendik og Sigrid.

– Eg håpar det kan inspirera fleire festivalar og få musikarar, artistar og band til å tenke meir på det, for me burde alle vera redd for klimaendringar, sa Sigrid i ein video.

Reiser meir med buss og bed om vegetarmat på raideren

I ein e-post til Framtida.no, fortel Celine Moe i Choose at dette er nokre av grepa Astrid S har teke for å få ned utsleppa:

  • Brukar hovudsakeleg fly på langdistansar, prioriterer buss der det er mogleg
  • Prøver alltid å finne hotell med gode prosedyrar for berekraft
  • Prøver å identifisera hotell med kortast mogleg avstand frå hotell til konsert-venue
  • Innføre grøne initiativ på raideren (Døme: vegetariske måltid, kun gjenbrukbare koppar/krus/bestikk o.l.)
  • Oppmoda crew til å ete vegansk/vegetariansk på turné
  • Leige garderobe, nytta seg av bruktklede eller klede produsert av sertifiserte/berekraftige material.
  • Alle har med gjenbrukbare flasker på reise/scene
  • Tilbyr som (ein av dei første i verda) fan-merch produsert av berekraft og organiske material med GOTS-sertifisering, og kvart plagg er overkompensert for ved kjøp av FN-kvoter/CER

– «Klimapositiv» turné

Det er ein verdsomspennande turné, den største til Astrid S nokon sinne, med konsertar i England, Europa og USA.

– På tross av alle tiltaka, vil nødvendigvis ein verdsturné medføra eit uungåelig CO2-utslepp. Denne problemstillinga tek vi opp gjennom klimakompensering, fortel Celine Moe i Chooose.

Klimagassavtrykket er, ifølgje Chooose, redusert dobbelt så mykje som dei opprinnelge utsleppa og dei skriv at den då blir «klimapositiv» i pressemeldinga.

Moe fortel at det totale klimautsleppet for reiser tilknytta turnéen er rekna til 10,1 tonn per person, og at det samla er 20 personar som skal delta på turnéen.

Klimaavtrykket ender difor på 202 tonn til saman, mesteparten relatert til reise.

– Astrid S har imidlertid valt å overkompensera for avtrykket for turnéen, med nesten det dobbelte (400 tonn), gjennom å støtte vindkraftprosjektet i Vietnam, fortel Moe.

Les også: Iransk musikkside sensurerer bort kvinner frå plateomslag

Sigrid vert sensurert vekk på iransk musikkside.