Musikkjendisar og fleire organisasjonar støttar opprop mot å svekke song i skulen
Ei lang rekke organisasjonar har gått saman om å utforme eit opprop for å sikre framtida til songen i det norske skuleverket – og får støtte av blant andre Maj Britt Andersen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Dette oppropet er viktig! Bli med og syng ut for songen i skulen, heiter det frå Maj Britt Andersen, kjent for å synge for dei minste.
Bak oppropet står paraplyorganisasjonen Krafttak for song , som har fått med seg ei stadig aukande mengde organisasjonar på mange felt i musikklivet til å synge ut for framtida til songen i skulen.
Stor markering
Det blir òg tromma saman til ei markering kalla «Syng ut for sang i skolen» framfor Stortinget i Oslo 12. juni.
– Dette blir eit mektig kor, konstaterer Koralliansen på heimesida til markeringa.
Bakgrunnen for debatten er at song er foreslått fjerna frå kompetansemåla i norskfaget, etter å ha vorte tatt bort frå dei overordna læreplanane for to år sidan. Det er Framtida.no som kunne melda om dette 20. mai.
Les også: Lærer ikkje «Ja, vi elsker» i skulen
– Mange er bekymra, heiter det i oppropet, der ein mellom anna peikar på nedbygginga av song i lærarutdanninga over tid. Dessutan viser både forsking og praktisk erfaring at det blir sunge betydeleg mindre i skulen no.
Vil ha song kvar dag i skulen
Oppropet byr på fire punkt ein vil styrke: Ein vil ha dagleg song på skulane, få eit kompetanseløft innanfor song for både dagens og morgondagens lærarar og sikre at song får den rettmessige plassen sin i alle læreplanar. Ein vil òg generelt styrke dei estetiske faga på skulen, der songen inngår som del, heiter det i oppropet.
No er forslaget til regjeringa ute til høyring. Fristen for å senda inn høyringssvar er 18. juni.
Les også: Lege: – Songen er like viktig for helsa som kosthald og trening