Kulturtoppar i opprør for song i skulen

Ei rekkje kulturtoppar i Bergen krev at regjeringa legg meir vekt på song i skulen i framtidige lære- og fagplanar for grunnskulen.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I ein kronikk med tittelen «Samfunnsbygginga står i fare» på nettsidene til orkesteret BIT20, heiter det at «Kulturlivet i Bergen er i opprør over regjeringa sitt framlegg til rammeplan for norskfaget, der song er teke ut som læringsmål.»

Fjorten leiarar for sentrale kulturinstitusjonar i bergensområdet har skrive under kronikken, blant dei teatersjef Agnete Haaland for Den Nationale Scene, teatersjef Solrun Toft Iversen for Hordaland Teater, direktør Anders Beyer for Festspillene i Bergen og dagleg leiar Charlotte Spurkeland for nettverket Kultur Vest, som er paraplyorganisasjonen for profesjonelle kulturinstitusjonar i bergensområdet.

Les saka som setje i gong diskusjonen her: Regjeringa føreslår å fjerna song frå norskfaget.

Estetisk løft

– Kravet vårt er at dei estetiske faga i skulen må få eit løft, seier dagleg leiar Laila Melkevoll i BIT20-ensemblet, som har forfatta kronikken, til Nynorsk pressekontor.

Ho meiner ressursane til dei estetiske faga i skulen har skrumpa år for år, og at det grunn til å ropa varsku både for fag som forming og song.

– Lærarar som før song med elevane sine, syng ikkje lenger, for dei tør ikkje, og dei kan ikkje. Viss det ikkje står på planen at dei skal det heller, så kjem dei ikkje til å syngja. Då misser vi den norske songskatten, som vi er så kry av, åtvarar ho.

Les også: – Den beste måten å beskriva å synga i kor på, er at det er sosialt og inkluderande

– Uheldig utvikling

Ho meiner rekrutteringa for songarar er fallande, og at kvaliteten på allsongen mange stader allereie har gått ned. Dette er ei utvikling som har skjedd over tid, meiner Melkevoll.

– Det handlar ikkje om at vi står overfor eit skilje no. Skiljet kom for lenge sidan, seier ho.

Kronikken kjem etter at fleire media med nettavisa Framtida.no i spissen den siste veka har retta eit kritisk søkjelys på forslaget til ny rammeplan for norskfaget og song i skulen. Kritikarane peikar også på at song i 2017 blei fjerna frå den overordna læreplanen for grunnskulen.

Same året blei underskriftskampanjen «Ja til at «sang» blir nevnt og vektlagt i fremtidige lærings- og fagplaner for grunnskolen» oppretta. Denne kampanjen er det no blåse nytt liv i. Over 15.000 personar har til no skrive under kampanjen.

Visste du at song hjelper mot stress og uro? Les om positive verknadar av å synge. 

Tilbakeviser påstand

Regjeringa har på si side presisert at song ikkje skal ut av skulen.

– Song skal sjølvsagt ikkje ut av skulen. Med dei nye læreplanane er song framleis ein del av skulen, i tillegg til at norsklærarane har godt høve til å bruka song som metode, uttalte statssekretær Julie Midtgarden Remen (H) i Kunnskapsdepartementet nyleg til NTB.

Til Framtida.no har ho samtidig sagt at det ikkje er meininga at læreplanane skal vera pensumlister med detaljar om innhaldet i undervisninga.

– Det er lærarane som har ansvaret for innhaldet og metodane dei brukar i undervisninga, og eg har tillit til at lærarane gjer dette på ein god måte, seier ho i ein e-post til avisa.

Les også intervjuet med lege og musikar Audun Myskja: – Song er like viktig for helsa som kosthald og trening

Audun Myskja har jobba fleire tiår i helsevesenet, og meiner song er viktig for helsa. Foto: Marte Garmann