1997 var «the shit» for musikaren som sov til klokka 14, røyka fem røyk til frukost saman med ein kopp te og vener i verdas beste kollektiv – 50 meter frå Garage.

Hausten 2016 losa Heidi Marie Vestrheim frå Øystese ei gruppe ungdommar Ut av skapet i ein dokumentarserie på NRK med same namn.

For dei fleste er 42-åringen kanskje best kjent for sine programleiarroller for statskanalen, men har eit utal ballar i lufta og kan òg titulera seg som musikar, låtskrivar og produsent.

På tidleg 2000-tal var ho vokalist i bandet Atakama, men har seinare gått solo som Heidi Marie Vestrheim.

Kor var du då du var 20?

Kunne ikkje snakka om eit bedre år! 1997 det var the shit for min del.

Etter at hausten 1996 var ganske så deprimerande med jobbing på Flaggruten og mykje styr med å finne plass å bu i Bergen og generelt finne ut kva eg skulle gjere med livet mitt i denne nye fantastiske bobla som heiter; «eg har nett flytta heimanfrå og alt kan skje!!!», så kom 1997 som ein rakett!

Det starta med at eg fikk jobb på den kulaste uteplassen Bergen hadde å by på, nemleg Garage. Første arbeidsdag var ei helg i januar og eg hadde nettopp spela oppvarming for Ani DiFranco og var framleis heilt i skyene. Eg skulle denne helga både debutere som glas-ryddar på Garage og ha konsert på ein festival som heitte «Ride this Train». Dette var ein Garage-festival. Det kunne ikkje vore bedre start for meg enn dette.

Rett inn i Bergens musikkmiljø og ein kul jobb med mykje kule folk og eg var så på rett plass. Vekke med flaggrute-perleblusen eg måtte gå med og rett inn i pønkebukser og kjetting rundt livet.

Våren 1998 fekk Heidi Marie Vestrheim varme opp for for Ani DiFranco og var heilt i skyene. Foto: Privat

Korleis var kvardagen?

Eg sov til klokka 14, røyka fem røyk til frukost saman med ein kopp te og vener i verdas beste kollektiv som låg 50 meter frå Garage.

Eg starta på jobb klokka 22 om kvelden, jobba til klokka 04 og etter det sat me og drakk øl til klokka 06. Men eg likte ikkje øl (gjer det framleis ikkje) så eg sat og drakk te i kjellaren på Garage etter at vakta var slutt.

I helgene sat eg enten mykje lengre med kollegane mine eller kortare fordi eg hadde vener som hang utanfor og venta til eg blei ferdig, så gjekk me på nachspiel. Mine nachspiel var te, lytta til musikk, spele gitar og snakke djupt om livet.

Kva las du/såg du på/lytta du til?

Eg lytta til mykje til kvinnelege singer/songwriters’er frå USA. Oppdaga Joni Mitchell blant anna rundt denne tida. Ganske seint faktisk! Joan Baes, Stevie Nicks, Ani DiFranco, Texas, Skunk Anansie, P.J. Harvey. Starta så vidt å interessere meg for elektronisk musikk også. Gjennom ulike DJ-konsept på Garage vart eg introdusert for mykje bra elektronika.

Hugsar du 20-årsdagen din?

Nei, ikkje i det heile. Sikkert mykje folk på fest i Rosenbergsgata 38 der eg budde. Blanding av gode gamle gymnas- og bygdavener og nye Garage-folk.

Heidi Marie Vestrheim røykte mykje og drakk te, samstundes som ho fann seg sjølv på ordentleg. Foto: Privat

Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?

Heile denne fasen går litt i eitt og i surr for meg, eg klarer ikkje heilt skilja dei tre fyrste åra frå kvarandre. Dette med å jobbe, flytte til Bergen, få jobben på Garage, starte i band, bli kjent med musikarar, utvikle meg som singer/songwriter, bli kjent med det skeive miljøet og finne meg sjølv sånn ordentleg.

Som 20-åring drøymde Heidi Marie Vestrheim om eit liv på scenen. Kort tid etterpå var ho på musikkvideoinnspeling med bandet Atakama. Foto: Privat

Visste du kva du skulle bli i livet?

Eg drøymde om å leve av å stå på scenen. Eg visste at eg skulle leve eit fritt liv, utan rutinar og fast jobb. At eg skulle jobbe med musikk og formidling frå ei scene på eit eller anna vis.

Ho der røyker alt for mykje!

Eg hadde lyst å søke LIPA (Liverpool Institute for Performing Arts) men så vart eg dradd inn i band og solo-konsertar og plutseleg rulla ballen og eg vart artist før eg fekk tenkt meg om. Det skjedde litt sånn utanfor min kontroll. Akkurat som om det var meininga og folk og hendingar var med å få meg til å gå den retninga, og det er eg så glad for den dag i dag!

Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

Ho der røyker alt for mykje! Og «tenk at ein så innrøykt og tynn person kan lage så mykje lyd, det er ganske utruleg.» Eg hadde også tenkt at eg såg ein snill og ekstremt sosial person som elska å ha folk rundt seg som gjorde ho trygg og klok.

Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

Gjer det du vil, når du vil det! Ikkje vent! Og du Vestrheim, det er NO du lever dei beste dagane i ditt liv, nyt det ikkje rush det. Ikkje vent på at livet skal starte på ordentleg, det er i gang. Det skjer no!

Les også om Bjørn Hatterud, som kom ut av skåpet på 20-årsdagen: 

Bjørn Hatterud litt før han var tjue, innramma heime hos mor og far, og frå i dag. Foto: Privat/Samlaget

 

 

 

 

Oppdatert: onsdag 10. juli 2019 14.49

Kommentarar

ANNONSE