Skal bruke ti millionar på å finne ut korleis studentar har det

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

— Vi er veldig, veldig fornøgde for at regjeringa endeleg skal gjennomføre dette, sa Marte Øien til nettavisa Khrono måndag.

Sidan 1. juli har Øien vore leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO), og høgst på ynskjelista hennar då ho tok over vervet var å få gjennomført ei ny levekårsundersøking for studentar.

Førre undersøking kom i 2010, og NSO-leiaren seier studentorganisasjonen lenge har etterlyst ei ny for å sikre ein meir treffsikker politikk frå myndigheitene.

— Studentar står overfor ulike utfordringar, men vi klarar ikkje nødvendigvis å sjå samanhengar. Det er det enklare å sjå i ei levekårsundersøking, seier Øien til Khrono.

1. juli tok Marte Øien fatt på vervet som leiar for Norsk Studentorganisasjon. Foto: NSO/ Skjalg Bøhmer Vold

Les også: Klimakrisa fører til angst hos enkelte unge

Nybø har snudd

Allereie i mai vart eit Arbeidarparti-forslag om ei levekårsundersøking blant studentar handsama i Stortinget. Då fekk forslaget støtte frå Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, men avvist av dei fire regjeringspartia, melde UiO-nettavisa Uniform.

Då skreiv forsknings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) eit brev til utdannings- og forskningskomitéen at det allereie fanst ei rekkje kjelder til kunnskap om levekåra til studentane.

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V). Foto: Marte Garmann/Stortinget

No har Nybø snudd, og føreslår å løyve 10 millionar til ei ny levekårsundersøking blant studentar i 2020.

– Saman med data frå Studentenes helse- og trivselundersøking (SHoT) vil levekårsundersøkinga gi oss endå betre kunnskapsgrunnlag for å finne nye tiltak for betre studentvelferd, seier Nybø i ei pressemelding, og peikar på at mange studentar slit med psykiske problem og einsemd.

SSB skal gjennomføre undersøkinga, og den vil ta føre seg dei faktiske økonomiske og bustadøkonomiske levekåra til studentane, som arbeid, bidrag frå familien, gjeld og forbruksvanar.

Eit samandrag av førre undersøking er tilgjengeleg her.