Klimakrisa fører til angst hos enkelte unge

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For danske Isabella Seedorff (19) førte eksistensiell bekymring for klimaet og framtida kloden hadde til at ho vart diagnostisert med depresjon. Ho er ikkje åleine, skriv Vårt Land.

– Livredde for at verda skal brenne

– Eg har vorte ringt opp av fleire unge folk som søker hjelp. Nokre av dei er livredde for at verda skal brenne opp eller at vi skal drukne i flaum på grunn av klimaendringane. Mange av desse er utruleg smarte. Dei har lese mykje og kjenner fakta som tyder på at vi går mot ein krisesituasjon, seier Simon Elsborg Nygaard ved Aarhus universitet.

Han forskar på dei psykologiske aspekta ved klimakrisa. Han ønsker å gi håp for framtida til dei som opplever klimaangst.

– På kort sikt rår eg dei til å oppsøkje eit fellesskap som ser nokolunde likt, men meir håpefullt, på verda.

Les også tala til Penelope Lea (14): – Klimakrisa krev ekstraordinære handlingar, ekstraordinær kjærleik og ekstraordinært samarbeid.

– Viser at du bryr deg

Klimapsykolog Per Espen Stoknes seier depresjon og angst gjerne blir sett på som noko feil eller sjukt, men han vil heller sjå på det som eit diplom.

– Det viser at du er eit menneske som bryr deg om jorda, og at du er i stand til å reagere som menneske ved å ta inn over deg alvoret med kva vi faktisk gjer med jorda vår, seier Stoknes.

Les også intervjuet med Stoknes om klimaspråk: – Ordet klimaendringar kan faktisk redusere engasjement 

Arkivbilete frå den nasjonale skulestreik 22. mars. Foto: Andrea Rygg Nøttveit