Retorikkprofessor om Thunberg: – Eit unikum

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 08.10.2019 13:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Professor i retorikk og språkleg kommunikasjon ved Universitetet i Oslo, Kjell Lars Berge. Foto: UiO

– Det nokon oppfattar som trugande og merkeleg med ho, oppfattar andre som engasjerande. Ho er eit unikum, seier retorikkprofessor Kjell Lars Berge til Framtida.no.

Han er ikkje åleine om å la seg imponere over talegåvene til klimaaktivisten. Talen Greta Thunberg heldt under FNs klimatoppmøte har vorte kalla «ikonisk» og samanlikna med Martin Luther King Jr. sin «I have a dream»-tale.

Åtvarar mot bøddeltalen

I april i år bad Greta Thunberg EU-politikarane om å «få klimapanikk». Det er ikkje alle som meiner det er konstruktivt.

Forskarane Bård Norheim og Joar Haga har skrive bok om fire taletypar og åtvarar mot for mange dommedagsprofetiar.

– Problemet for Greta Thunberg og andre klimaaktivistar er at politiske talar om klimakrisen som skulle vore opningstalar, fort blir bøddeltalar. Skal dei først halde ein bøddeltale, må dei også vere tydeleg på kvifor den påførte lidinga er naudsynt og gjer det mogleg med framtidshåp for fellesskapet, seier Haga i ein videopodcast frå NLA Høgskolen.

Medan opningstalen handlar om visjonar og framtidshåp er bøddeltalen den ein tyr til når det til dømes er snakk om nedskjeringar i bedrifta eller anna som må ofrast.

Då Thunberg vitja Skavlan for andre gong fortalde ho at ho byrja å planleggja talen til klimatoppmøte fleire månader i førevegen.

– Eg begynte å tenkje på om lag kva eg ville seie seint i juni. Då tenkte eg på bodskapen eg ville ha fram. Eg ventar alltid til i siste liten, noko som ikkje er bra, sa Thunberg til den norske talkshowverten.

Svenske Greta Thunberg (16) har starta ei rørsle etter at ho hausten 2018 sette seg utfor den svenske Riksdagen og streika for klima. Foto: Jessica Gow/TT NYHETSBYRÅN / NTB scanpix

Thunberg og Obama

Retorikkprofessor Berge samanliknar Thunberg med tidlegare president Obama, når det kjem til å vekkja engasjement og kjensler.

– Me treng slike folk i eit grått politisk landskap. Me likar folk som står for verdiane sine og har kunnskap. Det er ei klassisk suksessoppskrift, seier Berge.

På Twitter hagla lovorda frå kjendisar som Mia Farrow, Chealsea Clinton, Mark Ruffalo og Seth McFarlane.

Trump på si side reagerte med ei sarkastisk Twitter-melding der han skreiv at ho «verkar som ei veldig lukkeleg ung jente som ser fram til ei lys og vidunderleg framtid. Så fint å sjå!»

Kjenslemessige reaksjonar

Berge har latt seg fascinere av korleis 16-åringen både engasjerer og provoserer, men meiner Thunbergs følelsesretorikk ikkje er noko nytt og kallar reaksjonane på denne «historielause».

– Kvifor reagerer me så sterkt på dette? Kvifor denne farleg- og sjukeleggjeringa? Det er ikkje noko gale i å vere følelsesladd, meiner Berge.

VG-kommentator Anders Giæver var blant dei som var uroa for Greta Thunberg etter å ha høyrt talen 23. september.

Etter å ha sett Giæver og Marie Simonsen diskutere temaet i Dagsnytt 18 kritiserte KrFU-politikar Simen Bondevik Giæver for hersketeknikkar:

«Å stille spørsmål ved helsetilstanden og kritisera ein ung samfunnsaktivist for å «se utslitt og vettskremt ut», er ikkje å vise omsorg – derimot er det ein hersketeknikk knytt til alderen til jenta,» skriv Bondevik.

«Demokrati og medborgarskap»

Også Berge reagerer på korleis Thunberg sin alder og diagnose vert eit tema og meiner det er den klassiske ta «mannen, ikkje ballen».

Retorikaren kan fortelje at Greta Thunberg sin FN-tale har vorte brukt som døme for studentane i faget politisk retorikk ved Universitetet i Oslo. Fleire har allereie sett seg ut Thunberg sin retorikk som tema i semesteroppgåvene sine.

– Mange av studentane skal inn i skulen og er opptekne av korleis Thunberg kan brukast i undervisninga, seier Berge.

Han meiner 16-åringen er eit veldig godt døme når elevane skal lærast opp i det tverrfaglege temaet «demokrati og medborgarskap» og utvikle evner til å argumentere, debattere og reflektere både munnleg og skriftleg.

Agitasjon, ikkje propaganda

– Dette er klassisk mobiliseringsretorikk og agitasjon, noko som ikkje må forvekslast med propaganda og demagogi, som er å villeia folk, seier Berge.

Retorikkprofessoren meiner at Thunberg sin styrke ligg i at ho ikkje berre appellerer til kjenslene (patos), men også har truverde som avsender (etos) og argumenta på plass (logos).

– Propaganda er det ikkje, fordi ho er sakleg og refererer til kjennsgjerningar. Styrken i denne formen for retorikk er at ho også har logos, seier Berge, som viser til at talane til Thunberg har vorte faktasjekka.

Les også: Er Greta Thunberg verkelegheitas Lisa Simpson?

Svenske Greta Thunberg (16) sin tale til FN vert samanlikna med Lisa Simpson sin appell i klasserommet,. Foto: FN, FOX