KrFU-politikar Simen Bondevik kritiserer VG-kommentator Anders Giæver for å bruka hersketeknikkar når han omtalar Greta Thunberg.
Simen Bondevik, leiar i Viken KrFU
Simen Bondevik, leiar i Viken KrFU

Innlegget var publisert på først publisert på Facebook tysdag 24. september 2019 og er omsett til nynorsk av Framtida.no med forfattaren si løyve.

I dag var det vondt å sjå på Dagsnytt 18. Kommentator i VG, Anders Giæver, snakka om kor bekymra han er for Greta Thunberg, hennar oppdraging og helsetilstand.

Tidlegare i dag har Giæver ytra at: «Jeg håper virkelig at 16 år gamle Greta Thunberg bare blir litt revet med av sine egne, store ord» og at «dette begynner å tendere mot Vær Varsom-plakatens punkt 3.9: «Vis særlig hensyn overfor personer som ikke kan ventes å være klar over virkningen av sine uttalelser»».

Vidare i debatten sa han mellom anna at Greta «ser utslitt og vettskremt ut», at han er «bekymret for at hun er pålagt en alt for stor oppgave» og kor grufullt det er at «voksne folk står rundt og klapper og kjører henne frem».

– Hersketeknikkar av verste sort

Det Anders Giæver seier og bruker i debatten er hersketeknikkar av verste sort. I staden for å sjå på innhaldet og forslaga i talen til Greta Thunberg gyv han laus på det faktum at Greta Thunberg er ei ung jente som viser kjensler.

Retorikken og talepunkta han bruker liknar angrep Greta Thunberg og familien får frå høyreekstreme og klimafornektande miljø. Eg håpar ikkje det er standarden vi skal ha for samfunnsdebatten i Noreg.

Det Anders Giæver seier og bruker i debatten er hersketeknikkar av verste sort.

– Ho kan garantert meir enn Giæver om klimakrisa

I staden for å ha ei sakleg inngang til klimadebatten, vel Giæver å rette all skyts mot Greta Thunberg som ei ung jente som «trenger beskyttelse» og «ikke vet hva hun snakker om». Og det er jo heilt feil. Greta Thunberg er jo ei som veit veldig godt kva ho snakkar om – det er berre å sjå talar ho har halde eller intervju ho har gjort. Ho kan meir om klimasaka enn dei fleste, og garantert meir enn Anders Giæver.

Fordi hadde Giæver hatt den kunnskapen som den 16 år gamle klimaaktivisten sit med, ville han brukt tida si på å argumentera for meir klimahandling, i staden for å angripe ein ung klimaaktivist. Hadde Giæver forstått at klimakrisa er vår tids største utfordring, hadde han halde seg for god for denne usmakelege framferda.

– Giæver framstår som ein gretten, gamal gubbe

Og det er kanskje det som provoserer meg aller mest her. I staden for å ta ballen, tar Anders Giæver jenta. Eg er einig med Giæver i at det ikkje burde vore naudsynt for ein 16-åring å ta denne kampen, men det er diverre heilt naudsynt fordi politikarane har svikta oss. Greta Thunberg har klart å byggje ei stor, ung rørsle som kjempar for å stoppe klimakrisa.

Å be foreldra «gripe inn», antydar mangel på omsorg. Å stille spørsmål ved helsetilstanden og kritisera ein ung samfunnsaktivist for å «se utslitt og vettskremt ut», er ikkje å vise omsorg – derimot er det ein hersketeknikk knytt til alderen til jenta. Anders Giæver framstår dimed som en gretten, gamal gubbe.

Om Giæver verkeleg er så bekymra for korleis Greta Thunberg har det, burde han kanskje bruke spalteplassen sin på å sørge for klimahandling frå politikarane, i staden for å angripe ei «stakkars 16 år gammel jente som ser utslitt og vettskremt ut»?

Har du noko på hjarta? Skriv til oss på tips @ framtida.no

Oppdatert: onsdag 25. september 2019 11.44

LES OGSÅ

MEIR FRÅ ADMIN

Kommentarar

ANNONSE