Greta Thunberg bad EU-politikarane om å «få klimapanikk»

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg vil at de skal få panikk. Eg vil at de skal handle som om det er eit hus som brenn, sa 16-åringen då ho talte til EU-parlamentet i Brussel.

Thunberg sa vidare at «om eit hus er i ferd med å ramle saman, held ein ikkje tre brexit-krisemøte og ingen krisemøte om klima- og miljøkrisa».

Talen til tenåringen vart møtt med ståande applaus, og Thunberg sjølv måtte kjempe mot tårene då ho skildra konsekvensane av klimakrisa for naturen og dyrelivet i verda.

KRONIKK: Winter is (not) coming! Greta Thunberg er vår Jon Snow

Greta Thunberg gjekk i august i fjor til skulestreik utanfor Riksdagen med krav om ein effektiv klimapolitikk. Ho har streika kvar fredag, og skulestreikane har spreidd seg til hundrevis av byar. 15. mars streika 1,6 millionar skuleelevar over heile verda inspirert av Thunberg.

Onsdag skal den svenske 16-åringen møte pave Frans. Paven deler klimaengasjementet hennar og har mellom anna sagt at klimafornektarar er dumme. (©NPK)

LES OGSÅ: Ny klimastreik i Noreg i mai

Sjå heile talen til Greta Thunberg under, og reaksjonane til nokre av dei leiande politikarane i EU-parlamentet: