Er Greta Thunberg verkelegheitas Lisa Simpson?

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter at Greta Thunberg (16) gav Donald Trump eit blikk som fekk heile internett til å koke har eit tilsvarande bilete av Lisa Simpson og ei teikneserieversjon av Trump sirkulert på nett.

Internett samanlikar den svenske 16-åringen med teikneserieheltinna. Det er ikkje utan grunn, men denne illustrasjonen er falsk:

Simpsons-spådommar

Animasjonsserien The Simpsons, som starta på amerikanske tv-skjermar i 1989 har i ei årrekkje hatt rykte på seg for å kunne «spå framtida».

Nettstaden Buzzfeed samla i 2013 ei liste over 21 ting som The Simpsons skreiv i serien, som seinare skjedde i verkelegheita.

Allereie på 90-talet såg serieskaparane føre seg smartklokker og telefonar med videosamtalar. Men dette er ikkje det einaste som har «gått i oppfylling i ettertid». I ein Simpsons-episode frå 1994 var hestekjøt brukt i mat, ein skandale som råka Europa i 2013.

Enno meir spesifikt var det då illusjonistparet Gunter og Ernst vart angripne av ein av sine kvite tigrar, noko som seinare skjedde med illusjonisten Roy Hom i radarparet Siegfried og Roy.

Og lenge før Miley Cyrus hadde ei landeplage med låta og musikkvideoen til Wrecking Ball hang Homer Simpson frå ei stor knusekule. Homer Simpson gjorde det allereie i 1994 og gjentok suksessen i langfilmen frå 2007:

https://www.youtube.com/watch?v=bQAzibiYgMw

Lisa åtvara om global oppvarming

Etter at svenske Greta Thunberg segla over dammen (Atlanterhavet red.anm) har fleire peika på likskapen mellom ho og Lisa Simpson.

I Simpson-episoden The Good, the Sad and the Drugly frå 2009 held nemleg Lisa ein tordentale framfor klassen sin, der ho åtvarar om konsekvensane av global oppvarming.

– Det er ikkje noko Springfield om 50 år. Når globaloppvarming fangar CO2 i vår giftige atmosfære vil våre supervarme hav stige. Drukne låglandet vårt og la resten av menneskeheita steike i ein ørken som ein gong fôra verda, seier ei desperat Lisa.

Talen vert samanlikna med Greta Thunberg sin kjensleladde appell for FN under klimatoppmøtet i New York førre veke.

– Det er menneske som lir, det er menneske som døyr. Det er heile økosystem som kollapsar. Vi er i starten av ei masseutrydding og alt de kan snakke om er pengar og eventyr og evig økonomisk vekst. Korleis vågar de? sa Greta Thunberg (16) frå talarstolen.

Les også: Greta Thunberg på amerikansk TV: – Opplys dykk sjølve

Klimaangstdiagnose

Talen Lisa Simpson haldt i 2009 er så mørk og forurolegande at ein av klassekameratane hylar av skrekk og hoppar ut av vindauge. Mora Marge vert uroa og tek med Lisa til psykologen, som gjev ho diagnosen «Environment-Related Despair».

Og det er ikkje første gongen idealisten kjempar for eit betre Springfield. I Simpsons The Movie (2007) kjempar ungjenta ein innbitt kamp mot forureining i lokalsamfunnet.

I denne filmen ser ein eit nyheitsklipp som vert brukt som argument av dei som meiner The Simpsons spådde Greta Thunberg.

Avisutklippet figurerer i filmen, men det som er for godt til å vere sant er gjerne det.

Faktasjekk-nettstaden Truth or fiction? har nøsta opp i biletet der Lisa Simpson stirrar illsint på ryggen til Donald Trump.

Biletet stammar frå ein episode frå 2016 og viser rett nok Donald Trump. Men ingen Lisa Simpson.

Les meir: Rasistisk? – Slapp av, seier Simpsons-skaparane