Enormt vindkraft-engasjement – over tusen høyringssvar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ikkje overraskande er dei fleste som har uttalt seg, negative til utbygging av vindkraft i sine nærområde.

– Vindturbinar – eit historisk feilgrep, meiner aksjonsgruppa Bevar Hvaler, som meiner det er «på høy tid å trekke i nødbremsen».

Mange lokale aksjonsgrupper og fleire hundre privatpersonar har uttalt seg i høyringa. Det har òg ei rekke kommunar, lokale turistforeiningar, samanslutningar og fylke.

– Trøndelag fylkeskommune rår mot den foreslåtte ramma for vindkraft på land og er innstilt på å kunne klage på ytterlegare konsesjonssøknader for landbasert vindkraft i Trøndelag, skriv fylket.

Urørt natur

I NVE sitt forslag er det peikt ut 13 område som direktoratet meiner er dei mest eigna for vindkraft på land i Noreg. 98 kommunar har areal innanfor dei 13 områda.

– NVE har lagt vekt på unngå konfliktar med viktige naturområde og tatt betydelege omsyn til aktuelle tema, til dømes friluftsliv, støy, fugle- og dyreliv, kulturminne og reindrift, heiter det i høyringsbrevet.

Men motstand mot utbygging i sårbare naturområde er eit hovudargument for motstandarane.

– Namdalske fjell med i stor grad urørt natur og område som er lite rørte av inngrep, er særs viktige for utøving av friluftsliv, jakt og fiske, både for oss som bur her, men også for tilreisande og turistnæringa, skriv Folkeaksjonen mot vindkraft i Namdalen.

Bør norske kommunar få vetorett ved utbygging av vindkraft?

Bør norske kommunar få vetorett ved utbygging av vindkraft?

Ja44
Nei8
Veit ikkje4
Svar totalt: 56

Skatt og lønnsemd

Utmarkskommunenes Sammenslutning (USS) peikar på at meir enn 20 av dei rundt 100 medlemskommunane er direkte rørte av NVE-forslaget og tilrår at det blir skrinlagt fordi formålet med ei nasjonal ramme ikkje blir nådd.

– USS etterlyser vidare moderne skattereglar for vindkraft, som tilgodeser dei lokalsamfunna som avstår dei verdifulle naturressursane dei har, med ein del av den verdiskaping naturkapitalen deira gir grunnlag for.

Også Vefsn kommune i Nordland meiner NVEs plan bør skrinleggast og viser til at oppgradering av vasskraft er mindre lønnsamt enn utbygging av vindkraft, i samsvar med skatteregimet i dag.

– Oppgradering av vasskraft må bli underlagt same skatteregime som mellom anna vindkraft, skriv kommunen.

– Bør skrinleggast

Også Landssammenslutningen av norske vindkraftkommunar (LNVK) meiner NVE-planen «i foreliggende form bør skrinlegges.» LNVK samlar 47 kommunar som har eller der det er planlagt eller gitt konsesjon for vindkraftverk.

LNVK meiner framgangsmåten i saka som no er på høyring, er uheldig, fordi større område på kartet er sett av som «egnede lokaliteter» enn det som er reelt.

Samtidig saknar samanslutninga ei klargjering av kvifor dei rørte lokalsamfunna skal stille seg positive til vindkraftutbygging.

LNVK meiner òg «vindkraftutbygging må forutsette lokal aksept», noko òg både Sp og KrF har kravd.

Reindrift og turisme

Også reindriftsnæringa er uroleg for vindkraftutbygging.

– Vi ser at dei negative effektane i driftsfasen er særs store, og at reinen ikkje vender seg til vindmøllene, skriv leiar Ole Johan Eira frå Gielas Reinbeitedistrikt i Gratangen.

Han meiner erfaringar viser at «reindrift og vindmøller ikke er forenlig».

Også lokale turistforeiningar er bekymra.

– Nasjonal ramme for vindkraft på land slik NVE foreslår, tar altfor lite omsyn til interessene til natur- og friluftslivet, skriv Kristiansund og Nordmøre Turistforening.

havvind

Havvindmøller under montering på Stord, rett utfor Noregs største plattformverft, Kværner Stord. Foto: Svein Olav Langåker