Nok vindkraft i Europa til heile verda

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I den eine studien, som er publisert av Science Direct og sett saman av forskarar frå seks land, kjem det fram at Europa har plass til 11 millionar vindmøller, nok til å produsere meir straum enn verda blir forventa å bruke i 2050, melder NRK.

Det Noreg, Russland og Tyrkia som kjem best ut med omsyn til potensial til lands, og dei blir beskrivne som land med «lite vindenergi og store vindressursar – og masse plass».

LES OGSÅ: NVE anbefaler to område for havvindproduksjon

Havvind så det susar

Ein annan rapport, Global Offshore Wind Market Report, blir lansert onsdag av Norwegian Energy Partners under NORWEP Energy Conference. Ifølgje den rapporten vil havvind i verda auke kraftig som energiressurs dei kommande åra, i snitt med 24 prosent i kvart av dei neste fem åra.

Det vil i så fall innebere at ein forventa installert kapasitet på 35 gigawatt i slutten av 2019 kan vere 85 gigawatt i 2024.

– Dette er raskare vekst enn tidlegare forventa, og ei samanlikning med tidlegare rapportar viser ein akselererande marknadsvekst, skriv sjef for NORWEPs arbeid med havvind og solenergi, Jon Dugstad, i ein e-post til NTB.

Konkurransedyktig

Ifølgje Wind Europe kom i går 4,2 prosent av norsk energi frå vind, alt frå land, og havvind har til no kosta meir å produsere enn det har vore verd.

No nærmar likevel kostnaden for havvind seg kraftprisen i marknaden. Prisen på kraft produsert av havvindturbinar i Europa er ifølgje NORWEP konkurransedyktig i stadig fleire prosjekt. Større turbinar med høgare tilgjenge, nye kraftkablar, redusert installasjonstid og innovative vedlikehalds-løysingar bidrar til lågare kostnader, påpeikar Dugstad, som meiner det gir store moglegheiter for Noreg.

– I den raskt veksande marknaden for havvind er behovet stort for leverandørar med ekspertise frå offshore energiverksemd slik vi kjenner det frå Noreg. Det gir store moglegheiter for utvikling av ein sterk norsk leverandørindustri for havvind, og vi trur norsk industri kan eksportere varer og tenester til havvind for nærare 50 milliardar kroner i eit 10-årsperspektiv, seier han.

LES OGSÅ: Ny forsking: Kvifor får vi ikkje fart på havvind?