Store urørte naturområde i Noreg trua av vindkraftutbygging

Vindkraft vil legge beslag på 630 kvadratkilometer urørt natur i Noreg, ifølgje Miljødirektoratet. Det svarer til omtrent halvannan gong arealet til Oslo.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

NVE og Miljødirektoratet har berekna at det totale planområdet for vindkraft vil bli i underkant av 1.600 kvadratkilometer, melder NRK. Ifølgje Miljødirektoratet blir cirka 40 prosent av planområda for vindkraftanlegg som er bygd eller gitt konsesjon, rekna som inngrepsfri natur.

Totalt er det 142.500 kvadratkilometer urørt natur her i landet. Bygd, planlagt og potensiell vindkraft vil legge beslag på 630 kvadratkilometer av dette.

Ei rekke natur- og friluftsorganisasjonar, blant dei Naturvernforbundet og Den Norske Turistforeningen, meiner på si side at vindkrafta fram mot 2030 vil beslaglegge rundt 2.000 kvadratkilometer – eit område på storleik med Vestfold. I tillegg kjem anleggsvegar tilsvarande Noreg to gonger på langs.

Visste du at  «Lothepus» er engasjert i vindmølledebatten? – Eg meiner det er noko tull å ha det på land. 

Verdiskapande og klimavennleg

Olje- og energiministeren Kjell-Børge Freiberg (Frp) påpeikar at nasjonal ramme for vindkraft , som er på høyring fram til 1. oktober, ikkje må sjåast på som ein utbyggingsplan.

– Utbygging av lønnsam vindkraft skaper verdiar og gir inntekter til fellesskapet. I tillegg gir det klimavennleg energi som kan erstatte bruk av fossil energi i fleire sektorar, seier han til NRK.

Les også: Grøn Ungdom splitta om vindkraft

Ein større trugsel enn klimaendringar

FNs naturpanel (IPBES) meiner tapet av natur på grunn av arealendringar er ein større trussel mot verda enn klimaendringane.

Samtidig meiner Miljødirektoratet at ein femdel av alle kartlagde norske artar er trua fordi vi overtar leveområda deira. Vegar og energianlegg er den største trusselen mot urørt natur.

Les også om DNT ung sin nye leiar: – Eg vil at mine barnebarn ein gong skal få oppleve gleda av urørt natur.

Markus Malmin tek over ansvaret for DNT ung dei neste to åra. Foto: Monica Hägglund Langen/DNT Ung